Korleis halshogge maur, og kvifor. Del 1.

Hjå maurslekta Atta skjer arbeidarane små bitar av blad og tek dei med heim til tua si. Der brukar dei bladbitene som gjødsel for ein spesiell type sopp som berre kan leve saman med maurane, og som er den einaste maten maurane et. Ein har rekna seg fram til at 12-17% (ca ein sjettedel) av alle lauvblad i Sør-Amerika vert brukt av Atta-maur til dette; noko som gjer dei til den viktigaste planteetargruppa på kontinentet.

Av og til kan det vera lurt å halshogga maur.

Maur er nemleg særs vanlege i store delar av verda, frå sumpaktige regnskogar til tørre steppelandskap; frå langt under bakken til høgt oppe i trekronene. Dei dannar kompliserte samfunn som spelar dominerande funksjonar i mange av økosystema dei opptrer i; særleg i tropane. I tropiske regnskoger utgjer maur den dominerande gruppa av sosiale insekt, og når dei sosiale insekta ser ut til å utgjera rundt 75% av total insekt-biomasse seier det noko om kor ufatteleg mange maur som finnest (Stork 1996).

Tropiske maur er med andre ord særs viktige dyr i økosystema sine, på både godt og vondt. Ein bør difor i mange høve la dei få halda på som dei gjer om ein er interessert i at økosystema skal levere tenestene sine på ein forutsigbar måte. Dette gjeld riktignok maurane som artar — måten eit maursamfunn er organisert gjer at kvart einskildindivid er ganske uviktig i det store biletet. Det er difor ikkje miljøkriminalitet per se å halshogga maur.

Denne stokkmauren (Camponotus sp) frå Tanzania kan vel få det til å rykka i giljotinmuskelen til nokon og einkvar?

Dette med å halshogga maur er stort sett noko som vert gjort i samband med matsøk. Eit maurhovud inneheldt ei ganske standardisert pakke med næringsstoff som kan tene til mange slags føremål. Dei organismane som har skjønt dette meir enn nokre andre er pukkelflugene – familien Phoridae.

Pukkelfluger finnest over heile verda, og er utan tvil nokre av dei vanskelegaste flugene i verda å arbeide med. Dette kjem først og fremst av at det finnest utruleg mange artar, og at dei stort sett ser ganske like ut. Denne kombinasjonen er særleg tydeleg når ein ser på dei best studerte områda i verda for biologisk mangfald; ein studie i nasjonalpark i Sverige fann 330 artar, kor berre 184 var kjende for vitskapen (Bonet et al. 2010)! Det er gode grunnar til å tru at det totale talet på pukkelfluger i verda er femsifra – ekspertar hevdar at det berre i slekta Megaselia kan vera så mykje som 15000 artar globalt (Brown & Horan 2012)…

Grovt sett er pukkelflugene anten parasittoidar eller nedbrytarar, i vid forstand. Parasittoidar er ein form for parasittar som ikkje berre snyltar på verten sin, men òg tek livet av denne som ein del av livssyklusen sin. Innanfor pukkelflugane førekjem halshogging av maur hjå både parasittoidane og nedbrytarane.

Pukkelfluga Pseudacteon (til høgre i biletet til venstre) går til angrep på ein invaderande argentinsk maur (Solenopsis richteri). I biletet til høgre ser me hovudet til mauren kort tid etter at larva har halshogd ho.

Pukkelfluga Pseudacteon (til høgre i biletet til venstre) går til angrep på ein invaderande argentinsk maur (Solenopsis richteri). I biletet til høgre ser me hovudet til mauren kort tid etter at larva har halshogd ho. Bilete frå Porter & Gilbert (2004), public domain.

Det mest kjende dømet på halshogging av maur er slekta Pseudacteon, som på engelsk til og med heiter «ant-decapitating flies». Desse flugene er vanlege å sjå svirrande rundt maurtuer også i Europa (at ingen av artane er kjende frå Noreg, og berre ein frå Sverige, er ei anna sak). Hoene flyg som regel nokre millimeter over mauren dei skal angripa, før dei hogg raskt til med eggleggingsrøyra sine og legg eit torpedoforma egg. Heile prosessen tek som regel mindre enn eit sekund.

Det er verken egget eller fluga som halshogger mauren — dette skjer først etter nokre få dagar. Etter at egget vert lagt (ein stad i mellomkroppen til fluga) vert det klekt ei lita larve som i løpet av fire dagar finn vegen inn i hovudet på verten sin. Her lever den vesle flugebabyen av hemolymfe, som tilsvarar «insektblod», gjennom to hudskifter. I det siste larvestadiet byrjer ho å sleppa ut nokre spesielle enzym som svekker bindevevet mellom ulike kroppsledd på mauren. Vidare tek ho til å eta muskulatur og hjernemasse til maurhovudet er heilt tomt, noko som normalt tek mellom seks og tolv timar. I løpet av denne prosessen rekk larva som regel å gnaga av alle koplingar maurhovudet har til kroppen, og før ho forpuppar seg fell hovudet difor av (Porter 1998).

Når halshoggarflugelarva er ferdig med å vera puppe vert ho ei søt lita fluge og kryp ut or munnen på det daude maurhovudet. Foto: USDA (public domain)

Puppestadiet til halshoggarfluga, som eg synest Pseudacteon godt kan heite på norsk, varar i to til seks veker. Dei vaksne lever i under ei veke, kor dei gjer lite anna enn å para seg og leite etter nye maur å halshogga. Likevel kan dei spreie seg fleire hundre meter på leit etter nye maur å plaga (Porter 1998).

Ved første augnekast kan det sjå ut som om halshoggarflugene i Pseudacteon gjer litan skilnad for maurkoloniane dei angrip, sidan det er såpass få individuelle maur som går med. Dette kan til ein viss grad stemme på populasjonsnivå; flugeangrep førar ikkje til merkbare nedgongar. Dei kan derimot hindra spreiing av ein populasjon ved å gjera maurane mindre konkurransedyktige – når ein maurtropp vert angrepen av fluger sluttar dei å leite etter mat og byrjer å hogge i lufta for å få slutt på plageåndane sine (Porter 1998). Dette førar til at maur med halshoggarfluger i nærleiken får samla mindre mat enn andre maurartar, og har ført til at halshoggarfluger vert brukt i kontroll av skadegjerande maurartar i delar av verda.

Meir informasjon om halshogging av maur kjem i morgon.

Referansar:

– Bonet, J., Ulefors, S-O., Viklund, B. & Pape, T. 2010. Species richness estimations of the megadiverse scuttle fly genus Megaselia (Diptera: Phoridae) in a wildfire-affected hemiboreal forest. Insect Science18, 325-348.
– Brown, B.V. & Horan, R.V. 2012. A key to Neotropical Region frog-egg-feeding species of Megaselia (Diptera: Phoridae), with a new species from Panama. Contributions in Science, 520, 1-4.
– Porter, S.D. 1998. Biology and behaviour of Pseudacteon decapitating flies (Diptera: Phoridae) that parasitize Solenopsis fire ants (Hymenoptera: Formicidae). Florida Entomologist, 81, 292-309
– Porter, S.D. & Gilbert, L.E. 2004. Assessing Host Specificity and Field Release Potential of Fire Ant decapitating flies. S. 152-176 i van Driesche, R.G., Murray, T. & Reardon, R. (red.) Assessing host ranges of parasitoids and predators used for classical biological control: A guide to best practice. Morgantown: USDA Forest Health Technology Enterprise Team. 242 s.
– Stork, N.E. 1996. Tropical forest dynamics: the faunal components. S. 1-20 i Edwards, D.S., Booth, W.E. & Choy, S.C. (red.) Tropical Rainforest Research – Current Issues. Dordrecht: Kluwer Academic Publishers. 566 s.

Kommenter innlegget