Spinnville kannibalmygg som lagar lampestrekar i mørket

Platyura marginata er eit døme på korleis spinnmygg ser ut når dei er ferdige med å vera larver. Denne arten produserar ikkje lys som litan, så vidt det er kjend. Bilete frå wikimedia commons.

Spinnmygg (Keroplatidae) er ein familie på i underkant av 1000 artar av mygg som ein kan finna i heile verda (Rindahl et al. 2008). Dei har fått det norske namnet sitt på grunn av måten larvene tek til seg føde på; dei spinn nemleg klissete silketråder som dei får tak i mat med (Matile 1996). Mange artar brukar desse til å spinna nett som dei fangar andre insekt med, men i underfamilien Macrocerinae og tribusen Keroplatini synest artane det er meir gjevande å hausta soppsporer frå lufta. Dei om det.

Det finnest mange strategiar når ein spinn fangstnett. Soppspore-etarane har ein ganske grei jobb; dei spinn som regel matte-liknande strukturar under fruktlekamane til sopp, der det naturleg nok er høg sporeproduksjon. Dei fleste av dei kjøtetande artane tek livet av byttet sitt kjemisk, ved hjelp av oksalsyre, men det er måtane dei tiltrekk seg bytte på som er mest spanande. Nokre få artar lagar for eksempel netta sine i habitat der dei veit det kjem til å dukka opp insekt; t.d. over maurstiar. Dei mest spanande tilpassingane finn me derimot hjå ein art i Nord-Amerika og ni artar i Australia og på New Zealand: Dei tiltrekk seg bytte gjennom å lysa i mørkret.

Sjølvlysande perletråder av Arachnocampa luminosa

Dei best kjende sjølvlysande mygglarvene er dei av Arachnocampa luminosa, som òg er kjend som den New Zealandske eldfluga (New Zealand Glowworm). Denne arten lever i huler, gruver og i dei mørkaste hjørna av skogane på øyene, og kan opptre i til dels særs høge tettleikar. Best kjend er Waitomo-hula, som er ein populær turistattraksjon på grunn av dei spektakulære fargespela i blågrønt lys som larvene lagar. I tillegg til A. luminosa finnest det åtte Arachnocampa-artar i Australia som lever på om lag same måten (Baker 2010).

Livet til Arachnocampa foregår stort sett hengande opp ned frå taket, og frå dei første stund dei klekker frå egga sine spreier dei lys til omgjevnadane. Mesteparten av levetida skjer i larvestadiene, som brukar mesteparten av tida si i dei små silkereira sine. Desse er forma som soveposer og ligg parallelt med taket, og er festa til eit komplisert nettverk av opp til 70 glødande fangsttrådar av slim og silke. Larvene er effektive ingeniørar når desse reira skal byggjast – ei larve som blei fjerna frå reiret sitt i eit felt-eksperiment hadde eit nytt reir klart, komplett med to 3 cm lange silketrådar, i løpet av berre tjue minutt (Richards 1960).

Fangsttrådane til Arachnocampa trekk som regel til seg fluger, stankelbein og fjærmygg. Dei er derimot ikkje kresne; lista over dyr dei har sete til livs omfattar sommarfuglmygg, steinfluger, biller, skrukketroll, vindusmygg, stankelbein, vårfluger og stikkemygg. Det er òg særs vanleg med kannibalisme; om ein annan Arachnocampa skulle rota seg bort i ein fangtråd havnar han på menyen til artsfrenda si. Dei klissete fangtrådene fungerar som ein blanding av flugepapir og fiskesnøre, og når larva kjenner at ho har fått napp trekk ho tråden inn til reiret sitt. Ho fortærar både tråden og mesteparten av byttet – limet, giftstoffa og silka i tråden kan nemleg brukast om att seinare, til å fanga fleire dyr (Richards 1960).

Neoplatyura noorae er ein annan spinnmygg-art som ikkje skin. Han er til no berre kjend frå nokre ganske få eksemplar samla i Finland, og blei først oppdaga og beskriven i 2014 av min gode kamerat og kollega Jukka Salmela. Biletet er frå originalbeskrivinga til Salmela & Suuronen (2014).

Neoplatyura noorae er ein annan spinnmygg-art som ikkje skin. Han er til no berre kjend frå nokre ganske få eksemplar samla i Finland, og blei først oppdaga og beskriven i 2014 av min gode kamerat og kollega Jukka Salmela. Biletet er frå originalbeskrivinga til Salmela & Suuronen (2014).

Vaksne Arachnocampa er òg sjølvlysande, og brukar lyset til å finna seksualpartnarar. Men det er ei litt anna historie som me kanskje kjem tilbake til seinare.

Den andre kjøtetande spinnmygg-gruppa som skin i mørkret heiter Orfelia fultoni og lever langs bekkar i Appalache-fjella sørvest i USA. Dei lever i små hulrom mellom steinar, mose og daudt, og spinner difor mykje mindre avanserte nett enn Arachnocampa. Hjå denne arten er det berre larva som skin, og at det tiltrekk seg byttedyr er vist gjennom eksperiment – gjennomsiktige feller med lysande Orfelia-larver som agn tiltrekk seg store mengder fluger og mygg i forhold til feller utan larve eller ugjennomsiktige feller (Sivinski 1982)….

Sjølvlysande mygglarver finnest for øvrig i Noreg òg. Larver av spinnmyggen Keroplatus testaceus skin over heile kroppen med eit bleikblått skimmer (Osawa et al. 2014). Ingen veit riktig kvifor dei gjer nettopp det; denne arten lever av soppsporer som ikkje let seg lokka av neonskimmer eller anna jåleri. Sivinski (1982) meinte at lyset kunne tene som varselsignal til potensielle rovdyr, om giftstoffa spinnmyggen har i nettet sitt. Dette er òg ein mogleg funksjon for lyset til Orfelia fultoni, sidan det viktigaste byttet til denne arten ser ut til å vera spretthalar som ikkje orienterar seg etter lys… På den andre sida meinte Osawa et al. (2014) at dette var usannsynleg, sidan mange av dei viktigaste predatorane i spinnmygg-habitat ikkje er i stand til å sjå dei blå til blågrøne delane av lys-spekteret som spinnmygglarvene skil ut.

Lysande fangsttrådar frå Arachnocampa luminosa igjen, denne gongen på større avstand. Det ser ut til at det kan vera ganske fint å sjå på.

Spinnmygg er dei einaste tovengene som har utvikla lys-organ på noko livsstadium. Det er difor ikkje urimeleg å gå ut frå at Arachnocampa, Orfelia og Keroplatus produserar lys på nokonlunde same måte. Dette viser seg ikkje å vera tilfelle — reaksjonane som ligg bak lyset i Arachnocampa og Orfelia er kjemisk veldig forskjellige og har difor mest sannsynleg oppstått uavhengig av kvarandre (Viviani et al. 2002). Skjønt, uavhengig og uavhengig – lysproduksjon har berre oppstått tre gongar innanfor dei mange hundre tusen ulike evolusjonære greinene i tovenge-treet, og dei tre gongane har vore mellom tre relativt nære slektningar. Då er det veldig lett å tenkje at det er ein underliggande evolusjonær forklaring ein eller annan stad…

Kva forklaring dette er, er ikkje godt å seie. For å finna ut av det er det naudsynt med både ei betre forståing av biokjemien som ligg bak, og ikkje minst av levemåten til dei involverte artane. Stemmer det at Orfelia et meir spretthaler enn tovenger? Har sjølvlysande spinnmygg giftigare gift i fangsttrådene sine enn dei som ikkje lyser? Som så ofte før er omkvedet at det må meir forskning til.

Referanse:
– Baker, C.H. 2010. A new subgenus and five new species of Australian glow-worms (Diptera: Keroplatidae: Arachnocampa). Memoirs of the Queensland Museum – Nature, 55, 11-43
– Matile, L. 1996. A new Neotropical fungus gnat (Diptera: Sciaroidea: Keroplatidae) with myrmecophagous larvae. 
Journal of the New York Entomological Society, 104, 216-220.
– Osawa, K., Sasaki, T. & Meyer-Rochow, V. B. 2014. New observations on the biology of Keroplatus nipponicus Okada, 1938 (Diptera: Mycetophiloidea: Kerplatidae), a bioluminescent fungivorous insect. Entomologie Heute, 26, 139-149
– Richards, A.M. 1960. Observations on the New Zealand Glow-Worm Arachnocampa luminosa (Skuse) 1890. Transactions of the Royal Society of New Zealand, 88, 559-574.
– Rindahl, E., Gammelmo, Ø. & Søli, G. 2008. On the family Keroplatidae in Norway (Diptera: Mycetophiliformia). Norwegian Journal of Entomology, 55, 81-85
– Salmela, J. & Suuronen, A. 2014. A new Neoplatyura Malloch from Finland (Diptera: Keroplatidae). Biodiversity Data Journal, 2, e1323, tilgjengeleg herfrå.
– Sivinski, J. 1982. Prey attraction by luminous larvae of the fungus gnat Orfelia fultoni. Ecological Entomology, 7, 443-446
– Viviani, V.R., Hastings, J.W. & Wilson, T. 2002. Two bioluminescent diptera: the North American Orfelia fultoni and the Australian Arachnocampa flava. Similar niche, different bioluminescent systems. Photochemistry and Photobiology, 75, 22-27

4 thoughts on “Spinnville kannibalmygg som lagar lampestrekar i mørket

  1. Ben

    Dear Gunnar,
    do you know my review “Glowworms: a review” In :
    Luminescence 2007; 22: 251–265
    Published online 6 February 2007 in Wiley InterScience (www.interscience.wiley.com) DOI: 10.1002/bio.955 REVIEW Glowworms: a review of Arachnocampa spp. and kin

    V. B. Meyer-Rochow*

    Svar
    1. gunnarmk Post author

      Hallo Ben, Ich kennte nicht diesen Artikel. Normalerweise bevorzuge ich die Daten meine populärwissenschaftliche Arbeiten direkt vom Primärlitteratur zu beziehen. Aber dein Arbeit sieht sehr nützlich aus! Arbeiten sie auch mit Bestimmung von Keroplatiden, oder nur mit die Verhaltsbiologie die Arten?

      Svar
  2. Ben (Meyer-Rochow)

    Dear Gunnar,
    Danke fuer gutes Deutsch, but I am a Newe Zealander, who lives in Japan (see http://www.meyer-rochow.com). Was ist fuer Sie besser: English or German? Yes, we published the article on Keroplatus in a German entomology journal, whose cghief editor I know. Most of my work has been on comparative physiology and ultrastructuire of photoreceptors. Lately I’ve been doing a lot of ethnobiological work (just check out my webpage). I have just finished some research on mass migrationsn in millipedes. That work has been submitted to a journal and when it is accepted, I can send you a copy. It is VERY interesting work. Where in Denmark do yoiu live? I love Denmark. I used to live for many years (and still have family) in Oulu, Finland (where I am still Docent at the university).

    Svar
    1. gunnarmk Post author

      I’m a Norwegian living in Germany, doing taxonomy of mostly Psychodidae. Probably I will remain an academic nomad for a number of years still…
      Mass migrations are cool things, I need to write something about them. Have you seen these collembola mass migrations on snow? Or sciarid trains? I haven’t heard of it in millipedes, but looking forward!

      Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s