Tag Archives: biogeografi

Jaguarar har jaggu jaga jorda rundt

Regnskog sett frå Amazonas-elva

Av dei mange genistrekane Andre Franquin teikna opp gjennom karriera si, er det nok portretta hans av den Sør-Amerikanske regnskogen eg har dei beste minna frå. Frå ekspedisjonen Sprint og Kvikk legg ut på i Kampen om arven (originalt Spirou et les héritiers, 1952via naturfilm-pastisjen i Den ville Spiralis (Le nid des Marsupilamis, 1957) til spinoff-serien Spiralis (1987-); den dampande jungelen i det fiksjonelle landet Palombia yrer over med biologisk mangfald som på ingen måte stoppar ved fantasidyret spiralis. Det er framleis Franquin sine jaguarar, boaslangar, arapapegøyer og tapirar som dukkar opp i hovudet mitt når eg tenkjer på Amazonas.

Menasjeriet Sør-Amerika kan skryta av i dag er derimot på langt nær så eksotisk som det kunne ha vore. Kontinentet låg nemleg isolert frå alle andre kontinent i mange millionar av år, og utvikla på denne tida ein unik fauna på linje med den australske. For tre millionar år sidan støtte derimot dei to Amerika-ane saman, og ei stor utveksling av artar byrja. Mange sær-Sør-amerikanske organismegrupper døydde ut eller blei sterkt reduserte, medan mange Nord-amerikanske grupper vandra inn og blei dominerande. Godt over halvparten av pattedyr-artane som finnest på kontinentet i dag høyrer til denne nordlege faunaen, inkludert ikoniske Amazonas- og Andes-dyr som jaguarar, lamaer, alpakkaer, nesebjørn og tapirar (Marshall 1988). Det enorme biologiske mangfaldet i det biologar kallar den Neotropiske regionen er i stor grad bygd på nyleg innvandring.

Jaguarstatue frå den peruvianske Moche-kulturen, ca 100-700 år e.Kr.

Som eit konkret døme på dette vil eg trekka fram jaguaren, Panthera onca. Denne majestetiske jungelkatten er eit ikon for Latin-Amerika, og har vore frykta og respektert mellom urbefolkning overalt der han finnest. I eit enormt område frå Chile og Argentina i sør, nord til delar av USA har han sett sitt preg på folklore, kunst og mytologi; inkludert hjå store og avanserte kulturar som mayaene og aztekarane. Når ein ser på dette er det difor rart å tenkje på at dette dyret opphavleg er ein asiat eller europar; Sør-Amerika spelar ei beskjeden rolle i mesteparten av jaguaren si utviklingshistorie.

Brølekattar, slekta Panthera, oppsto mest sannsynleg i Asia for under 11 millionar år sida. Genetiske data tyder på at dei noverande fem artane i gruppa (løve, tiger, leopard, snøleopard og jaguar) byrja å danna seg for om lag 2-4 millionar år sida: Ei ættelinje heldt seg i Asia og førte til tiger og snøleopard, medan gruppa som med tida blei til løver, leopardar og jaguarar vandra vestover til Afrika og Europa (Davis et al. 2010). Denne siste ættelinja er det òg belegg for i fossile data; det finnest afrikanske Panthera-fossil som har kjenneteikn frå både løver, leopardar og jaguarar og såleis kan vera stamarten til desse tre (Hemmer et al. 2001).

Dei tidlegaste fossila som trygt og ukontroversielt let seg plassera i jaguar-delen av treet er 1.5 millionar år gamle og er funne i Italia, av alle stadar. Denne europeiske underarten av jaguar, Panthera onca gombaszoegensis levde i store delar av Europa fram til midt-Pleistocen, frå Tajikistan og Georgia i aust til Nederland og Storbritannia i vest. Dei var større enn dagens jaguarar, men ser ut til å ha levd om lag på same måte fram til dei døydde ut for om lag 400 000 år sidan. Det er usikkert om det var klimatiske tilhøve, menneskeleg påverknad eller ein kombinasjon som førte til at dei døydde ut (O’Regan et al. 2002).

Hovudskalle av nord-amerikansk jaguar; Panthera onca augusta.

Amerikanske jaguarar dukka opp noko seinare, om lag 0.8 millionar år sidan, og vert klassifisert som underarten Panthera onca augusta. Desse ser ut til å ha vore knytt til taigaskog à là den ein finn i store delar av Canada og Russland i dag, og vert ofte funne saman med tapirar og navlesvin (Schultz et al. 1985). Taiga-tilknytninga kan likevel ikkje ha vore absolutt, sidan fossil frå Brasil og Chile har vorte bestemt til denne varianten…

Mot slutten av Pleistocen-tida, då istida tok slutt og dei første menneska byrja kolonisera Nord-Amerika, døydde dei nordlege jaguarane ut, og den historiske utbreiinga til jaguaren vart etablert, med populasjonar frå Sørvest-USA til Argentina og Paraguay. I dag er det kjend levedyktige og stabile populasjonar frå dei store regnskogsområda i Amazonas- og Orinoco-bassenga, samt delar av Mellom-Amerika nord til ein felles meksikansk-amerikansk bestand.

Den amerikanske jaguaren er i biogeografisk forstand å rekna som ein nyleg innvandrar frå Europa, og er no avhengig av det amerikanske kontinentet for å overleva som biologisk ættelinje. I tillegg til ulovleg jakt og habitatøydelegging over heile det noverande utbreiingsområdet sitt har han i dag òg ytterlegare problem på grunn av tiltak mot nettopp innvandring. Lange strekningar med gjerder som er meint å halda meksikanarar frå å ta seg inn på amerikansk territorium heldt i tillegg jaguarar frå å bruka fleire hundre kvadratkilometer med godt eigna territorium nord for grensa. Det ligg ein viss tragisk ironi i dette.

Vill jaguar frå Brasil

Innvandrar eller ikkje, jaguarane i Sør-Amerika og Mexico fyller viktige økologiske funksjonar som toppredatorar i økosystema, og har viktige regulerande effektar på bestandar av hjort, navlesvin og andre store beitedyr. Mistar ein jaguarane, forandrar økosystem-strukturen seg, og ikkje naudvendigvis til noko som er betre for mennesket. I tillegg er jaguaren ein imponerande majestetisk skapning som me kan læra mykje av – dei har trass alt tre millionar år med unike tilpassingar og løysingar på evolusjonære problem bak seg.

Referansar:
– Davis, B.W, Li, G. & Murphy, W.J. 2010. Supermatrix and species tree methods resolve phylogenetic relationships within the big cats, Panthera (Carnivora: Felidae). Molecular Phylogenetics and Evolution, 56, 64-76
– Hemmer, H., Kahlke, R-D. & Vekua, A.K. 2001. 
The Jaguar – Panthera onca gombaszoegensis (Kretzoi, 1938) (Carnivora: Felidae) in the late lower pleistocene of Akhalkalaki (south Georgia; Transcaucasia) and its evolutionary and ecological significance. Geobios, 34, 475-486
– Marshall, L. G. 1988. Land Mammals and the Great American Interchange. American Scientist, 76, 380-388
– O’Regan, H.J., Turner, A. & Wilkinson, D.A. 2002. European Quaternary refugia: a factor in large carnivore extinction? Journal of Quarternary Science, 17, 789-795
– Schultz, C.B., Martin, L.D., & Schultz, M.R. 1985. A pleistocene jaguar from North-Central Nebraska. Transactions of the Nebraska Academy of Sciences, 13, 93-98.

Advertisements

Vind eller forsvinn

Auckland-øya sør for New Zealand; heimstaden til fleire artar ikkje-flygedyktige sommarfuglmygg

Det bles på toppane, seier dei, men det er heller ikkje så lett å vera unik. I Skandinavia finn ein såleis sterk vind ikkje berre i fjella, men òg langs kysten. Dette er noko lokalt dyre- og planteliv er nøydd til å forhalda seg til. Det er difor mange klassiske døme på evolusjonære tilpassingar til vind i fjell- og øy-økosystem.

Første gong eg høyrde om dette var i samband med mi undersøking av afrikanske sommarfuglmygg, då eg lærte om arten Psychoda sanfilippoi frå Mount Kenya. Denne arten har ikkje-funksjonelle venger for å unngå å bli teken av vinden (Salamanna 1980). Liknande artar med reduserte venger finnest på forblåste øyer i Sørishavet, utan at desse er i nær slekt med P. sanfilippoi (Duckhouse 1971).

Sommarfuglmygg i slekta Psychoda er heldige dyr, sidan dei ikkje treng å fly for å gjera dei viktigaste gjeremåla sine. Kva skal du med venger om larvene dine et kva som helst som er daudt, om du møter partnarar på bakken og aldri tek til deg føde? For andre slags insekt vil det derimot vera vanskelegare å mista flygeevna. Kva gjer du dersom larvene dine er kresne? Kva gjer du om du ikkje kan imponera det motsette kjønn utan å fly på akrobatisk vis? Kva gjer du om du treng å fly frå blome til blome for å overleva?

Prikkrutevenge

I Østersjøen, mellom Finland og Russland, ligg det ei russisk-eigd øy som bèr det lite flatterande namnet Pikku-Tytärsaari (finsk for «den vesle dotter-øya»). Her lever det ein isolert populasjon av prikkrutevenge Melitaea cinxia som ikkje har vore i kontakt med artsfrender frå andre stadar på over 70 generasjonar. Denne sommarfuglen lever berre på veronika (Veronica spp.) og smalkjempe (Plantago lanceolata), og er knytt i stor grad til strandenger. Arten er særs sjeldan i Noreg, og finnest i dag berre ved nokre få strender ved Oslofjorden; dette er på grunn av mykje menneskeleg inngripen i habitatet.

Livet på Pikku-Tytärsaari er prega av sterk vestavind meir eller mindre heile tida, og det er difor lurt for sommarfuglane å ikkje fly når dei kan unngå det – dei risikerar å bli blåste på sjøen. Ein kan difor forventa at populasjonane der over tid vil utvikla kjenneteikn som gjer det enklare å halda seg på underlaget når det bles hardt.

70 generasjonar er ikkje veldig mykje i evolusjonær tid, men ei gruppe forskarar frå Finland fann nyleg ut at det framleis er nok til å skapa ordentlige endringar (Duplouy & Hanski 2013). Dei målte klo-lengd og -kurvatur hjå 61 sommarfuglar frå både Pikku-Tytärsaari, Åland, Finland og Sverige, og fann ut at populasjonen på den vesle øya hadde langt meir bøygde klør enn slektningane sine på fastlandet. I tillegg gjorde dei eksperiment: Dei tok med levande eksemplar på laboratoriet og blas på dei med ein hårfønar. Fastlands-sommarfuglar blei tekne av vinden når forskarane heldt fønarane 50 cm frå dei, medan øybuarane klarte å halda på underlaget heilt til fønarane var 36 cm unna…

Å leva med høg vindstyrke er altså tøffe greier. Det å læra seg å leva med det er derimot ikkje så veldig vanskeleg, så lenge det å feila er døydeleg…

Referansar:
– Duplouy, A. & Hanski, I. (2013) Butterfly survival on an isolated island by improved grip. Biology Letters, 9, 20130020
– Duckhouse, D. A. (1971) Entomology of the Aucklands and other Islands south of New Zealand: Diptera: Psychodidae. Pacific Insects Monograph, 27, 317-325.
– Salamanna, G. (1980) Psychoda sanfilippoi sp.n., a brachypterous species from Mount Kenya (Diptera: Psychodidae). Aquatic Insects, 2, 191-196.

Kråke søker make

Svartkråke, Corvus corone

Svartkråke, Corvus corone

Noko av det første eg som naturhysterikar legg merke til når eg flyttar meg mellom vest- og aust-Europa er kråkene. Desse intelligente spurvefuglane er vanlege å sjå i bybiletet på begge sider av det gamle jernteppet, men det er mange skilnadar på dei eg ser i det daglige i Kassel og dei eg ser her eg sit i dag i Berlin. Begge artane er fascinerande fuglar med høg problemløysingsevne og imponerande hukommelse, men i dag skal eg først og fremst sjå på innsikt dei kan gje oss i dei (diverre) evige spørsmåla om korleis ein skal definera artar.

Kart over utbreiinga til Corvus corone-komplekset.

Kart over utbreiinga til Corvus corone-komplekset.

Gråkråka Corvus cornix er ein vanleg fugl som alle nordmenn har eit forhold til, med sin karakteristiske grå kropp med svarte venger, hovud, bryst, bein og stjert. I tillegg til Skandinavia er arten utbreidd i Irland og Skottland, Italia, Balkan og det kontinentale Europa frå Aust-Tyskland og austover. Den heilt svarte svartkråka, Corvus corone, er å finna på det kontinentale Vest-Europa aust til Nord-Italia, samt i England og Wales. Ein tredje art, Corvus orientalis, finnest aust for Uralfjella til Japan, og eit par ytterlegare variantar som kanskje fortener artsstatus førekjem i Midtausten.

Ornitologane har lenge krangla til den store kråkesølvmedaljen om den taksonomiske statusen til dei ulike Corvus-variantane. Skal ein, som eg har gjort over, rekna dei som eigne artar eller skal ein følga tradisjonell praksis og rekna dei som underartar av Corvus corone?

Hybrid mellom Corvus corone og Corvus cornix

Hybrid mellom Corvus corone og Corvus cornix

Reint genetisk er det små skilnadar på svarte og grå kråker. I overlappssona mellom utbreiingsområda deira er det relativt vanleg å sjå individ med karakteristiske trekk frå begge typane. I denne sonen er det så godt som ingen genetiske skilnadar mellom dei to variantane som tyder på at dei høyrer til ulike populasjonar (Haas et al. 2009)! Mange verk ser dei difor som underartar av same art, Corvus corone corone og Corvus corone cornix.

Det er derimot òg mange som meiner at svarte og grå kråker er heilt forskjellige slags organismar og har ganske lite med kvarandre å gjera. Skilnadane er trass alt ganske konstante i mesteparten av utbreiingsområda deira; det er berre i ei smal overlappssone som er mellom 50 og 160 km brei at det førekjem mellomformer. Også her høyrer det store fleirtalet av kråkene til ein av dei to hovudformene, og det er òg funne distinkte skilnadar i lydane deira (Palestrini & Rolando 1996). Dei blandingskråkene som finnest gjer det dårlegare på kjønnsmarknaden enn «reinrasa» individ, dei aller fleste individa føretrekk nemleg å para seg med individ med same fargemønster som seg sjølv (Randler 2007).

Gråkråke, Corvus cornix, er fuglen dei fleste i Noreg tenkjer på som "kråke"

Gråkråke, Corvus cornix, fuglen dei fleste i Noreg tenkjer på som «kråke»

Dei europeiske kråkene ser altså ut til å meine sjølv at dei høyrer til to ulike artar, same kva dei genetiske dataene seier. Kan det bety at artsskilnaden her ikkje er strikt biologisk, men òg ein faktor av organismane sjølv sine «kulturelle» preferansar? Det er ein spanande tanke, men røynda ser diverre noko meir prosaisk ut. Dersom kråkeevolusjon fungerar nokonlunde på same måte, byrja dagens austlege og vestlege kråkeartar med at utbreiingsområdet til stamarten deira blei delt i to. Då heile Nord-Europa og mesteparten av Alpane blei fullstendig isdekt, danna det seg to geografisk skilde populasjonar i Sør-Europa: Stamfedrane til dagens svartkråker levde som curnacias i Spania, medan ein populasjon av vranice på Balkanhalvøya blei til dei aust-europeiske gråkråkene (Poelstra 2013).

Fortida har altså ført til at kråke-Europa har delt seg. Kråkene ser ut til å vera nøgde med dette sjølv, så framtida deira vert sannsynlegvis prega av meir av det same. Om kråkene sin farge og lyd er stabil skjer det derimot ein del endringar i utbreiingsområda deira.

Corvus orientalis liknar svartkråka i utsjånad, men er noko større.

Corvus orientalis liknar svartkråka i utsjånad, men er noko større.

Sidan den første kartlegginga av den europeiske hybridiseringssona i 1928 har nemleg den tyske og danske hybridsona flytta seg 19 km lenger aust (Haas & Brodin 2005). Dette er ikkje mykje, men det tyder på at svartkråka et seg inn på gråkråkene sitt territorium med ein marsjfart på ca 250 m i året. Kva som ligg bak er ikkje godt å seie, men somme har knytt utbreiingsendringa til global oppvarming (t.d. Cook 1975). Det er så vidt eg veit ikkje kjend korleis trenden er aust i Russland der gråkråker møter Corvus orientalis.

Det er mykje anna spanande å seie om kråkefuglar enn dette – dei kan vera hevnlystne menneskekjennarar, matglade entrepenørkapitalistar, sjølvmedvitne verktøymakarar… Det er med andre ord godt mogleg at eg kjem tilbake til desse småskumle krabatane ved eit seinare høve.

Referansar
– Cook, A. 1975. Changes in the Carrion/Hooded Crow Hybrid Zone and the Possible Importance of Climate. Bird Study 22, 165-168.
– Haas, F. & Brodin, A. 2005. The crow Corvus corone hybrid zone in southern Denmark and Northern Germany. Ibis 147, 649-656
– Haas, F., Pointer, M.A., Saino, N., Brodin, A., Mundy, N.I & Hansson, B. 2009. An analysis of population genetic differentiation and genotype–phenotype association across the hybrid zone of carrion and hooded crows using microsatellites and MC1R. Molecular Ecology 18, 294-305
– Palestrini, C. & Rolando, A. 1996. Differential calls by Carrion and Hooded Crows (Corvus corone corone and C. c. cornix) in the Alpine hybrid zone. Bird Study 43, 364-370
– Poelstra, J. 2013. The Genetics of Speciation and Colouration in Carrion and Hooded Crows. Doktorgradsavhandling, Universitetet i Uppsala. 48 ss.
– Randler C. 2007. Assortative mating of Carrion Corvus corone and Hooded Crows C. cornix in the hybrid zone in eastern Germany. Ardea 95, 143–149.