Kjønn i akademia 2014: Status og vegen vidare

Einsretting i kva mennesketypar som finnest i forskinga førar òg til einsretting i måtar å tenkje på; og det kan me ikkje ha noko av. Det er difor viktig å syta for at kvinner og menn er om lag like godt representerte i akademia, og for at minoritetar skal kunne finna seg til rette.

Ein studie i Nature såg nyleg på kjønnsbalansen i lys av forholdstal mellom menn og kvinner som publiserar vitskaplege artiklar. Det viser seg, ikkje overraskande, at kvinnene framleis ikkje utgjer meir enn ein tredjedel av den forskande delen av folket, internasjonalt. Noreg ligg rundt gjennomsnittet; for kvar nordmann som er med i forfattarlista på ein vitskapleg artikkel er det berre 0.477 norske kvinner. Dette er betre enn både Danmark, Tyskland Storbritannia og USA; men både svenskane og finnane slår oss kraftig… Flaue greier.

Kva kan ein gjera for å balansera desse tala betre? Det viktigaste einskildforskarar kan gjera er å sjå på korleis dei sjølv passar inn i biletet, og gå sine eigne publikasjonsvaner etter i saumane. Eg har difor gått gjennom mine eigne publikasjonar og rekna ut tilsvarande forholdstal som Nature-artikkelen over, basert på 1) kor mange eg har samarbeidd med av kvart kjønn, og 2) kor ofte eg samarbeidar med folk av kvart kjønn. Ser ein berre på individuelle samarbeidspartnarar ligg eg litt over det norske gjennomsnittet: eg har publisert saman med 11 menn og 6 kvinner, noko som gjev eit forholdstal på 0.5454. Diverre trekk eg snittet ned når ein i tillegg ser på talet på samarbeid eg har gjort med kvar einskild medforfattar – her er det 0.389 kvinnesamarbeid per mannssamarbeid.

Det er med andre ord eit sterkt forbetringspotensiale her, noko eg bør ha i bakhovudet når eg vel samarbeidspartnarar i framtida. Eg kjem sjølvsagt ikkje til å slutta å bry meg om vitskapleg kvalitet; men kanskje det kan vera hensiktsmessig å bruka desse tala som del av grunnlaget når eg vel nye prosjekt å bruka tid på? Kanskje skal eg i dei neste par åra seie nei til litt fleire inkompetente menn og ja til litt fleire dyktige kvinner?

Les meir hjå Nature, som òg har fleire spanande interaktive diagram med meir detaljert statistikk om emnet. Desse er særs godt lagde, og er artige å manipulera.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s