Korleis halshogge maur, og kvifor. Del 2.

Det er Odontomachus-mauren det går ut over når dei halshoggande Dohrniphora-flugene er ute på rov.

Som me såg for nokre dagar sidan kan halshogging av maur kan vera ein fin måte å sørga for at larva di får ein sorglaus oppvekst med passelege mengder mat og ein trygg forpuppingsstad. Halshoggarflugene i slektene Pseudacteon og Apocephalus, som har utvikla og levd godt på denne strategien, er derimot ikkje dei einaste pukkelflugene som ser fordelar med å skilja maurhovud frå eigarane sine.

Den forskaren som meir enn nokon annan har bidrege til at me veit såpass mykje om halshoggarfluger er Brian Brown ved naturhistorisk museum i Los Angeles. Han har halde på med systematikken og biologien til Apocephalus, Pseudacteon og nærskylde flugeslekter i godt over tjue år, og har som flugeforskarar flest lagt til seg fleire merkelege vanar i løpet av denne tida. Ein av standardrutinene hans når han er ute i felt for å samla dreier seg om å små-erta maur og andre insekt ved for eksempel å pirka i dei med ein pinsett eller gje dei små elektriske støytar. Dei stressa insekta skil så ut stresshormon, som flugene til Brian vert tiltrukne av.

Det høyrest rart ut, men det fungerar – Brian oppdagar spanande nye ting rett som det er, utan å forandra metodane sine noko særleg. Og årets første store oppdaging innanfor flugeforsking er det nettopp Brian og to av kollegaene hans som står bak – dei har dokumentert ikkje berre ein ny teknikk, men òg ein ny motivasjon for halshogging av fluger (Brown et al. 2015). Der dei “klassiske” halshoggarflugene brukar maurhovudet som matpakke og barnehage for larvene sine, er dei “nye” halshoggarflugene sjølvopptekne og eigennyttige dyr som berre ser ut til å ville ha maurhovuda som mat til seg sjølv.

Det var på feltarbeid i Costa Rica og Brasil at Brian oppdaga dei nye og sjølvopptekne halshoggarflugene. Han hadde funne nokre store og kraftige maur av slekta Odontomachus; ei ganske fryktinngytande gruppe maur som vert kjenneteikna av m.a. dei avlange og kraftige kjevene sine, og byrja naturlegvis å pirka i dei med pinsetten sin. Det tok ikkje lang tid før dette trakk til seg mengder av pukkelfluger, men stikk i strid med forventningane var det artar innanfor den ikkje typisk maur-interesserte slekta Dohrniphora som viste seg å vera mest interesserte.

Ho av Dohrniphora longirostrata. Merk den lange snabelen, som går frå hovudet og heilt tilbake til bakbein-festet.

Dohrniphora er ei artsrik slekt som ein finn over store delar av verda, òg med to artar i Europa. Den best kjende arten heiter Dohrniphora cornuta og er ein ekstrem generalist som kan leve under mange ulike tilhøve og nyttegjera seg av eit vidt spekter av næringskjelder. Dei er vanlegast å finna i møk og kloakk, der dei et møk, bakteriar eller andre insektlarver; men har òg vorte funne i m.a. kompost, rotnande lauk og melonar, vepsebol, under huden på levande kyr og i kjøtetande plantar som dei et daude insekt frå (Barnes 1990). Andre Dohrniphora-artar er dårlegare kjende, men dei fleste måtar å leve på for eit insekt er kjende: åtseletarar, rovinsekt, parasittar, sopp-etarar, kleptoparasittar (særleg slike som stel mat frå sosiale insekt) og generelle nedbrytarar (Kung & Brown 2005).

Dei Dohrniphora-artane Brian og kollegaene hans særleg merka seg høyrde til i Dohrniphora longirostrata-gruppa, som er kjenneteikna av ei særleg lang snabel med skarpe, kniv-liknande mandiblar ytst på spissen. Denne gruppa består av sju artar frå Sør-Amerika, som mest sannsynleg alle lever på nokonlunde den same måten. Og som Brown et al. (2015) har domuntert, innebèr dette levesettet altså halshogging av maur.

Når Dohrniphora-hoer kjenner lukta av skadde maur, kjem dei flygande i løpet av kort tid. Som regel har dei med seg ein litan hann som heng bakpå ho og kopulerar som best han kan. Dette er flaks for Brian og kollegaene hans, for som så ofte ellers i insektverda går det ikkje an å sjå skilnaden på Dohrniphora-artane om ikkje ein har hannar (Kung & Brown 2005)… Når hoa finn ein skadd maur er det derimot slutt på sex og slikt fjas, her skal det etast.

Ei Dohrniphora longirostrata undersøker ein Odontomachus-maur for å sjå om denne er daud nok til å eta.

Det første hoa gjer er å sjekka kor skadd mauren er; om det faktisk er trygt å nærma seg. Dohrniphora oricilla byrjer prosessen med å tromma forsiktig på underskogsvegetasjonen i nærleiken av mauren, sannsynlegvis for å sjå om mauren reagerar. Om ingenting skjer, flyg ho nærare og byrjer å sirkla rundt mauren medan ho pirkar litt i han. Maur som er for aktive får ligga i fred – det er som regel andre, hardare skadde maur i nærleiken.

Når Dohrniphora-hoa har funne ein maur som vert vurdert som hardt nok skadd til å eta, byrjer ho å stikka han i “nakkeregionen”. Ho går laus på tarm, nerverøyr, hemolymfe-kanalar og andre bindande vev mellom hovud og mellomkropp frå fleire ulike vinklar, med god hjelp frå dei kvasse munndelane sine. Etter minst åtte minutt er hovudet heilt laust, og ho kan slepe det med seg til ein trygg plass der ho byrjer å eta på innhaldet. Dei tidlege fasane av denne halshoggingsprosessen finnest på film, lånt med velvilje frå Brown et al. (2015):

Dette med at hoene åt maurhovuda sjølv var både spanande og uventa. Sidan ein veit frå dei meir tradisjonelle halshoggarmaurane at eit maurhovud er nok til å fostra opp eit stykk vaksen fluge, kunne ein venta at Dohrniphora-flugene halshogde maur for å legga egg på hovuda. Heldigvis let det seg gjera å finna ei løysing på mysteriet: ingen av hoene som vart fanga umiddelbart etter at dei kom til mauren hadde modne egg i bakkroppane sine, endå dei fleste av dei hadde hatt herrebesøk i tissefanten. Kan det hende at artane i Dohrniphora longirostrata-gruppa er avhengige av å eta eit maurhovud eller to for å byggja opp nok næring til å modna eit kull med egg?

Spissen på snabelen til Dohrniphora longirostrata. Merk dei to sagtanna mandiblane på sidene.

Kvifor det er så ufatteleg mange artar i dei tropiske regnskogane er eit av dei store spørsmåla i biologien. Eit av mange moglege svar kan vera at artsdanning kanskje skjer når nokre populasjonar lærar seg å spesialisera seg på ressursar andre ikkje klarar å nyttegjera seg av like godt – ved å gå for sine eigne, heilt unikt spesialiserte ting unngår dei konkurranse med andre nedbrytarar og/eller rovdyr. Det at dei tropiske regnskogane er levande system som bind store mengder karbon kan òg ha å gjera med dei ekstreme spesialiseringane ein ser der – spesialisering førar som kjend til betre ressursutnytting.

Det er framleis uvisst nøyaktig kor spesialiserte artane i Dohrniphora longirostrata-gruppa er. Er det tilfeldig at Brian og kollegaene hans fekk forskjellige flugeartar i fangsten for kvar ulike maurart dei plaga, eller kan det vera slik at kvar flugeart har spesialisert seg på å berre halshogga ein særskild maurart? Kan same maurarten bli angripen av fleire Dohrniphora-artar? Desse spørsmåla kan ein berre få svar på gjennom meir feltarbeid.

Referansar:
– Barnes, J.K. 1990. Life history of Dohrniphora cornuta (Bigot) (Diptera: Phoridae), a filth-inhabiting hump-backed fly. Journal of the New York Entomological Society, 98, 474-483.
– Brown, B.V., Kung, G-A. & Porras, W. 2015. A new type of ant-decapitation in the Phoridae (Insecta: Diptera). Biodiversity Data Journal, 3,  e4299
– Kung, G-A. & Brown, B.V. 2005. New species of Dohrniphora related to D. longirostrata (Diptera: Phoridae). Annals of the Entomnological Society of America, 98, 55-62

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s