Tag Archives: Karplanter

Munkehetta og sex-slavane hennar: Seksuelt misbruk som luktar møk og kadaver

Flekkmunkehette, Arum maculatum

Solskinnshistoria om blomen og bia er ein gjengangar når ein skal fortelja barn om sex. Eg har eit litt ambivalent syn på dette, sidan eg ikkje er heilt samd i seksualmoralen denne anekdota illustrerer: Tilhøvet mellom eit flittig lite insekt som får mat og ein blome som får spreidd pollenet sitt er anten prostitusjon, fordi blomen betalar for sex, eller ekstrem promiskuøsitet sidan insektet flyg frå blome til blome. Det finnest derimot langt verre døme enn dette, som i endå mindre grad er gode føredøme for den oppveksande slekt. Det er særs mange gnitne planter som utnyttar insekta sine på det grovaste utan å gje dei noko tilbake.

Eit døme på dette, som eg skal ta for meg i dag, er myrkonglefamilien Araceae og meir spesifikt munkehetteslekta, Arum. Dette er ei gruppe med planter som hovudsakleg finnest aust i Middelhavsområdet, i Midtausten og Nord-Afrika, men òg med nokre få artar i Europa nord til Irland og Storbritannia. 28 artar er kjende i dag. Dei staselege blomene er typiske for familien, som òg omfattar den populære stoveplanta fredslilje (Spathiphyllum wallisii): eit kølleforma spadix med mange små blomar er omkransa av eit einskild bladliknande organ spathe (orsak at eg ikkje veit kva desse omgrepa heiter på norsk).

Det er med spadix planta trekk til seg dei intetanande stakkars insekta ho utnyttar på det grovaste. Dette organet består av tre distinkte seksjonar: nedst er det eit lag av ho-blomar, som vert fulgd av eit lag med hann-blomar som produserar og ber pollen. Desse ligg begge skjult inne i sjølve blomen. Det ein kan sjå av spadix frå utsida er eit langt, porøst og kølleforma lokkeorgan, som eg hadde fortalt grove vitsar om viss eg ikkje hadde vore så sjokkert over planta si usympatiske framferd.

Detalj av blomen til Arum maculatum. Frå venstre ser me store ho-blomer, små hann-blomar, klissete «fengsels»-hår og rota til spadix. Øvst ser me ein stakkars hjelpeslaus Psychoda som planta heldt innesperra som sex-slave.

Lokkeorganet til spadix skil nemleg ut varme og lukt for å trekka til seg intetanande insekt. Lukta varierar frå art til art, men kan som regel minna om rotnande kadaver og/eller ekskrement og urin. Dette er som kjend fine omgjevnadar for mange insekt, som kjem flygande i von om at dette vil vera bra stadar å legga egg. Til skilnad frå dei fleste sympatiske blomar, som lokkar til seg insekt og gjev dei nektar som løn for strevet, har munkehetteslekta ikkje anna enn lokkemiddel. Spadix luktar ikkje berre himmelsk av kadaver og ekskrement; han er òg veldig sleip og glatt, og insekt som prøvar landa på han dett ned i botnen av blomen. Her vert dei sperra inne av ei rad med hår som veks over hannblomane, og vert såleis fanga inne i blomen heilt til neste dag. Då fell håra av, og dei små insekta flyg ut i verda med masse pollen fast i håra sine (Gibernau et al. 2004).

Arum sine luktstoff ser ut til å vera særs spesifikt skreddarsydd for å tiltrekka seg akkurat dei riktige insekt-artane. Arum maculatum, som er den best studerte arten, fangar nesten utelukkande sommarfuglmygg-arten Psychoda phalaenoides med luktstoffet sitt. Andre artar vel andre insekt; Arum hygrophilum brukar t.d. Psychoda cinerea, og A. italicum føretrekk kombinasjonen Psychoda crassipenis og P. pusilla (Lack & Diaz 1991, Kite et al. 1998, Albre et al. 2003). I tillegg til sommarfuglmygg i slekta Psychoda finnest det artar som likar springfluger (familien Sphaeroceridae) eller rovbiller (Staphylinidae). Slik spesialisering er fordelaktig for planta, sidan sjansen for å bli befrukta av pollen frå feil art då vert mindre. Insekta sjølv får derimot ingenting igjen – for dei er det heile berre bortkasta tid.

Eg vil råda alle lesarane mine til å ikkje bli med munkehetter heim, uansett kor mykje møk og kadaver dei tilbyr. Planter kan vera nokre skikkelege dritsekkar.


(takk til Torbjørn Kornstad for ein nyttig korreks på norske plantenamn)
Referansar
:
– Albre, J., Quilichini, A. & Gibernau, M. 2003. Pollination ecology of Arum italicum (Araceae). Botanical Journal of the Linnean Society 141, 205-214
– Gibernau, M., Macquart, D. & Przetak, G. 2004. Pollination in the genus Arum – a review. Aroideana 27, 148-166
– Kite, G. C., W. L. A. Hetterrscheid, M. J. Lewis, P. C. Boyce, J. Ollerton, E. Cocklin, A. Diaz &
M. S. J. Simmonds. 1998. Inflorescence odours and pollinators of Arum and Amorphophallus (Araceae). ss. 295–315. In : Reproductive Biology. Owens S.J. and Rudall P.J. (eds.). Royal Botanic Gardens, Kew.
– Lack, A.J. & Diaz, A. 1991. The pollination of Arum maculatum L. – a historical review and new observations. Watsonia 18, 333-342

Grøne jegarar i myra: All the while we do it soldoggystyle

Rundsoldogg, Drosera rotundifolia, med nokre stakkars fortapte fjørmygg.

Ei av dei viktigaste faktorane som styrar kvar ei plante kan veksa er tilgongen på nitrogen, som dei treng til å laga protein og DNA. Ulike planteartar har ulike krav til kor mykje nitrogen dei treng, og mange har eigne tilpassingar for å sørga for å få tak i stoffet. Eit døme er erteplantefamilien (Fabaceae), som har spesialiserte strukturar i røtene sine der det lever symbiotiske cyanobakteriar som kan fiksera nitrogen frå omgjevnadane. Eg skal derimot i dag ta for meg ein noko annan strategi – planter som fangar og et dyr.

Dionaea muscipula, ei subtropisk våtmarksplante frå Nord-Amerika.

Trangen til å eta kjøt har oppstått minst seks ulike gongar i planteriket; og det finnest fire ulike hovudstrategiar for å fanga bytte (Ellison & Gotelli 2009). To av desse finnest berre hjå tropiske og subtropiske arter; nemleg klappfellestrategien til Dionaea muscipula og fallfellestrategien som har oppstått i fire ulike familiar.

Ei fangstmetode som kan observerast hjå norske kjøtetande planter er «vakuumfangst» – vassplanta blærerot Utricularia spp har spesielt utforma blærer på bladstilkene. Blærene har undertrykk, og er utstyrt med små følehår ved opningene sine. Når nokre stakkars små mygglarver eller vasslopper kjem i kontakt med desse følehåra opnar blæra seg, og byttedyret vert sugd inn i planta der det vert middag.

Den vanlegaste jaktteknikken for kjøtetande planter er nok likevel «flugepapir»-strategien, der planta produserar klister som heldt insektet fast når det landar på blada. I Noreg kjenner me dette frå soldogg (Drosera spp) og tettegras (Pinguicula vulgaris), og det er nettopp soldoggen som er hovudfokus for denne artikkelen.

Det er kjend over 190 artar soldogg frå heile verda, med det største artsmangfaldet i Australia. I Europa førekjem tre artar, som alle òg finnest i Noreg – rundsoldogg Drosera rotundifolia, dikesoldogg D. intermedia og smalsoldogg D. anglica. Ein kan lett kjenna slekta att på at blada er utstyrt med lange tentaklar, som ytst bèr ei klissete doggdrope. Når eit insekt kjem i kontakt med denne doggdropa set det seg fast, og bladet krøllar seg saman rundt byttet. Slik kjem det stakkars insektet i kontakt med fleire tentaklar, og klistrar seg endå meir fast.

Smalsoldogg som har fanga ei stakkars fluge.

Økologisk teori tilseier at når to nært skylde artar lever i lag treng dei å vera ulike i levesett for at ikkje den eine arten skal utkonkurrera den andre. Ein kan difor tenkje seg at kjøtetande planter vil prøva å utnytta ulike slags byttedyr når dei veks i lag; og ved første augnekast kan det sjå slik ut: Thum (1986) studerte rundsoldogg og dikesoldogg på ei myr i Tyskland og fann tydelege skilnadar på kva insektgrupper som vart fanga på blada deira. Den lågtliggande rundsoldoggen var til dømes særs glad i spretthaler medan den erekte dikesoldoggen føretrakk flygande insekt, særleg mygg. Når desse dataene blei analysert på nytt av Ellison & Gotelli (2009) kom det derimot fram at det var MEIR overlapp mellom artane sine fødeval enn forventa! Det same såg ut til å vera tilfelle for fleire andre sameksisterande kjøtetande planter.

Til å vera så usympatiske, er soldogg veldig vakre skapningar.

Det finnest derimot tilfelle der konkurranse om føde har vorte eintydig påvist hjå soldogg: Thum (1989) observerte ved fleire høve at maur av artane Formica picea, Leptothorax acervorum og Myrmica scabrinodis rutinemessig plyndra bytte frå soldoggblad, og ville finna ut kor viktig dette var. Han tok difor med seg ei stor krukke med bananfluger og klistra dei på soldoggblad i myra si, og talte kor mange av flugene som framleis var i blada dagen etter. Heile 71% av flugene på rundsoldoggen blei stolne i løpet av dei første 24 timane; noko som passa godt med observasjonane hans av maur på raid. Nokre spissfindige utrekningar seinare konkluderte han med at maur i myra stal seks gongar sin eigen vekt frå dei forsvarslause soldoggplantene i løpet av ein sesong! Det ser med andre ord ikkje ut til at maurskulen har Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen på pensum – stolen mat er ei særs viktig matkjelde for myrlevande maur.

Referansar
– Ellison, A.M. & Gotelli, N. J. 2009. Energetics and the evolution of carnivorous plants – Darwin’s ‘most wonderful plants in the world’. Journal of Experimental Botany 60, 19-42
– Thum, M. 1986. Segregation of habitat and prey in two sympatric carnivorous plant species, Drosera rotundifolia and Drosera intermedia. Oecologia (Berlin) 70, 601-605
– Thum, M. 1989. The significance of opportunistic predators for the sympatric carnivorous plant species Drosera intermedia andDrosera rotundifolia. Oecologia (Berlin) 81, 397-400