Hjul i zooplanktonsamfunnet

Uidentifisert hjuldyr. Hovudet med hjul-organa er til høgre.

Hjuldyr er ei særs vidt utbreidd og middels artsrik gruppe små dyr som hovudsakleg lever i ferskvatn. Dei er viktige organismar særleg i ferskvassdyreplanktonet, men det er òg mange artar som lever i botndyrsamfunn, som påvekst på vassplanter, i fuktig mose og i vassfilmar på stein, i fallfellene til kannebèrarar (kjøtetande planter) og i det opne havet. Litt over 2000 artar er kjende globalt, med det største beskrivne artsmangfaldet i Eurasia; dette er mest sannsynleg på grunn av låg taksonomisk innsats heller enn av faktiske diversitetsmønster (Segers 2008).
Når ein ser på ferskvassplankton kan ein ofte finna hjuldyra i særs store mengder. Ofte kan det vera så mykje som tretten tusen individ i ein liter med innsjøvatn. Dei er difor viktige i økosystema og næringsnetta, der dei et store mengder mikroalger og bakteriar og sjølv tener som føde for småfisk, fantommygglarver og andre middelsstore planktonetarar. Som me vil sjå seinare kan dei òg spela nøkkelroller for å halda sjølve habitatet i hevd.

[vimeo http://vimeo.com/82345242 w=800&h=500]

Videoen over, som aller nådigst er lånt av Mari Jokerud, viser mekanismane hjuldyra tek til seg føde med. Rundt munnopninga si har dei ei krone med flimmerhår, som kallast hjulorgan og altså har gjeve dei det norske namnet sitt. Når håra vibrerar i roterande rørsler skapar dette små virvelstraumar som førar ned i dyret si munnopning. Små alger og bakteriar som vert tekne i dragsuget vert såleis mat for hjuldyret, som slik tener til livets opphald på ein enkel, men effektiv måte.

Hjuldyret Habrotrocha rosa. Hjulorganet er tydeleg øvst; den mørkare skjold-forma strukturen litt lenger ned i svelget er det særskilde kjeveapparatet mastix, som vert brukt til å bryta ned fødepartiklar. Nedst på dyret har dei ein fot dei kan bruka til å festa seg til underlaget med.

Dette med enkle, men effektive løysingar er noko hjuldyr generelt er gode til. Mange av dei kompliserte greiene meir avanserte dyr brukar mykje av tida si på er irrelevante for levesettet til hjuldyra. Sex, til dømes, har dei vald vekk nesten fullstendig – når dei skal formeira seg gjer dei det stort sett ved jomfrufødsel, partenogenese. Dette systemet har oppstått mange gongar over store delar av dyreriket, inkludert i fleire øgleartar og mange insekt. Sidan organismar som driv med slikt får avkom som er genetisk identisk med mor-individet, tenkjer evolusjonsbiologar seg ofte at det plar vera ein evolusjonær blindgate – organismar som formeirar seg med berre partenogenese døyr ut tidleg sidan det er vanskeleg å utvikla tilpassingar til nye miljø utan genetisk variasjon. Dette ser ikkje ut til å uroa hjuldyra nevneverdig – den eine av dei to hovudgruppene hjuldyr ser ut til å ha klart seg utan sex i over 80 millionar år utan å ta skade av det (Welch & Meselson 2000).

Er dette fordi dei er dei ultimate organismane, som ikkje treng evolusjon for å overleva lenger? Kanskje. Det ser ut til at mange av funksjonane hjuldyra må gjennomleva er skorne ned til det absolutte minimum av kva eit dyr treng – kvart individ og tilmed kvart organ består av eit for arten konstant tal på celler (sjå t.d. Pagani et al. 1993). Dette gjev litan fleksibilitet, men at dei har overlevd så lenge tyder på at den oppskriften dei har fungerar meir enn godt nok…

Habitatvala og spreiingsmogleikane til hjuldyra har nok òg noko å seie for at dei har overlevd så lenge. Ei av formene egga til hjuldyr kan ta er såkalla kvileegg, som er særs tørkeresistente og kan ligga gjennom lange periodar med dårlege kår og venta på betre tider. Hjuldyra har dette til felles med mange andre skapningar i midlertidige eller uforutsigbare akvatiske habitat; ein kjenner òg spesialiserte kvileegg frå rundmakk, bjørnedyr, fantommygg, hoppekreps og vasslopper. Desse små egga kan òg spreiast med vinden, og sidan hjuldyra ikkje treng sex for å formeira seg kan eit individ i riktig habitat veldig fort danna ein stor bestand.

Kannebèraren Sarracenia purpurea.

Trass i, eller kanskje nettopp på grunn av at dei følgjer ein enkel formel med særs lite rom for variasjon, er hjuldyra viktige organismar i økosystem. I nokre ferskvasshabitat er dei til og med nøkkelartar som heile habitatet er avhengige av. Eit døme på dette er dei vassfylte begerforma blada til kannebèraren Sarracenia purpurea (til venstre): Denne arten veks i næringsfattig jord og tek hovudsakleg til seg næringsstoff frå insekt som fell ned i begera og vert brotne ned. Til skilnad frå somme andre kjøtetande plantar, som gjer dette kjemisk, har Sarracenia eigne samfunn av vassaktive dyr i blada sine til å bryta dyra ned til einskildnæringsstoff. Dei best kjende dyra i dette samfunnet er mygglarver som Wyeomyia smithi og fjærmyggen Metriocnemus knabi, men den arten som tilførar planta mest nitrogen og fosfor er hjuldyret Habrotrocha rosa (Błedzki & Ellison 1998). Mekanismen er som dyret sjølv, enkel og effektiv; bakteriar som et på dei daude insekta vert etne av hjuldyret, og ekskrementa heldt liv i planta.

God hjul alle saman.


Referansar
:
– Błedzki, L.A. & Ellison, A.M. 1998. Population growth and production of Habrotrocha rosa Donner (Rotifera: Bdelloidea) and its contribution to the nutrient supply of its host, the northern pitcher plant, Sarracenia purpurea L. (Sarraceniaceae). Hydrobiologia 385, 193-200
– Pagani, M., Ricci, C. & Redi, C.A. 1993. Oogenesis in Macrotrachela quadricornifera (Rotifera, Bdelloidea). Hydrobiologia 255/256, 225-230
– Segers, H. 2008. Global diversity of rotifers (Rotifera) in freshwater. Hydrobiologia 595, 49-59
– Welch, D.B.M & Meselson, M. 2000. Evidence for the evolution of bdelloid rotifers without sexual reproduction or genetic exchange. Science 288, 1211-1215

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s