Frå luseflugene sitt liv: Når parasittar viser samfunnsansvar

Ornithomyia avicularia, ei av dei vanlegaste lusflugene i Skandinavia

Eit parasittisk levevis kan vera problematisk, av mange årsakar. Du er for det første avhengig av å leva i eller på ein organisme som aller helst ikkje vil ha deg der, og som altså aktivt går inn for å få deg vekk gjennom åtferdsmessige, anatomiske og fysiologiske forsvarsverk. Vidare er det vanskeleg å få formeira seg når ein lever på ein einskildvert isolert frå andre bestandar – både det å møta partnarar og å sørga for OK oppveksttilhøve for avkommet kan by på problem. Likevel er parasittisme ein særs utbreidd strategi i dyreriket, og løysingane ulike grupper har funne på for å løysa utfordringane sine kan vera særs fascinerande.

Ei av mine favorittgrupper av parasittar å arbeida med er lusflugene, Hippoboscidae. Dette er ei familie av sære fluger som lever mesteparten av liva sine klort fast i pels eller fjørdrakt hjå fuglar eller pattedyr, bortsett frå i puppestadiet sitt. Til dette tilsynelatande enkle livet har dei utvikla mange spesialiserte tilpassingar; dei har særs flattrykte kroppar, krumme og kraftige klør og ikkje minst ei formeiringsstrategi som skil seg markant frå andre insekt sine levesett: I staden for å legga egg før dei levande ungar som dei forar med “mjølk”!

Hjortelusfluge, Lipoptena cervi.

Lusflugene sine larver lever gjennom alle larvestadia sine inne i mor si, og tek til seg næring frå særskilde kjertler fluga har i bakkroppen. Det varierar litt mellom artane kor mora før den utvaksne larva; artar som lever på fugl let barnet sitt få veksa opp i reiret til verten, medan artar som lever på pattedyr berre let avkommet falla i bakken. Med ein gong larva er i friluft forpuppar ho seg, før det vert klekt nye fluger som flyg ut i verda for å leita opp vertar. Sidan kvar ho berre kan bera på ei larve av gongen er dei vaksne insekta nøydde til å leva relativt lenge for å få mange nok avkom; sauelusfluga Melophagus ovinus lever til dømes i 4-6 månadar og set i dette tidspunktet mellom 10 og 20 nye lusfluger til verda.

Det eg synest er artigast med å samla på lusfluger er den relativt høge sjansen for å finna eksotiske artar. Dei fleste lusflugene ein finn i Norden er riktignok Ornithomyia chloropus og O. avicularia, som begge kan finnest i fjørdrakta til mange ulike fugleartar i Nord-Europa, men ein kan av og til òg finna afrikanske og sør-europeiske artar som har kome nordover med trekkfuglar. Ornithoica turdi lever til dømes i Middelhavsområdet og i Afrika, men vert sporadisk rapportert langt nord for dette – arten er til dømes kjend frå ein grå flugesnappar på Öland i Sverige (Andersson 1985).

Fiskeørn Pandion haliaetus, ein av dei vakraste rovfuglane me har i Noreg. Olfersia fumipennis, havørnlusefluga, er enno ikkje funnen på norske fiskeørnar, men sidan dei har han i Finland burde han kunne finnest i Noreg òg.

Alle desse artane er generalistar som kan leve på mange ulike fuglar, men det finnest òg døme på artar med ekstrem vertsspesialisering. Olfersia fumipennis finnest til dømes oftast på fiskeørn, og lever berre unnataksvis på andre rovfuglar. I slekta Crataerina ser det ut til at dei fleste artane er kresne i vertsval; Crataerina hirundinis finnest berre på taksvale (Delichon urbicum), C. melbae på alpeseglar (Apus melba) og C. pallida nesten utelukkande på tårnseglar (Apus apus).

Ei mogleg forklaring på dette er at nærskylde artar ofte lever i ulike habitat for å unngå konkurranse – mange artar kan ofte leva i eit vidare spekter av habitat når dei får ha dei for seg sjølv… I tilfellet Crataerina ser ikkje dette ut til å vera tilfelle. Ei gruppe spanske forskarar som studerte ein blanda koloni med både to svaleartar og to seglarartar fann store mengder C. melbae på alpeseglar, men ingen lusfluger i det heile teke på dei andre artane (Tella et al. 1998). Kanskje har C. melbae vorte så van med hovudverten sin at ho ikkje klarar bruka andre vertar lengre?

Sett i høve til mange andre parasittiske organismar er lusflugene særs mobile, og har lett for å søka opp nye vertar. Det hender riktignok rett som det er at dei tek feil, og prøvar å landa på eit dyr dei ikkje eigentleg er i stand til å leva på; eg har sjølv vorte vurdert som vert både av artane Lipopterna cervi (i Kroatia) og Ornithomyia chloropus (i Noreg). Eg er riktignok ein særs dårleg vert for desse artane, sidan eg 1) verken er eit hjortedyr eller ein fugl, og 2) alltid har med meg små spritglas for å samla inn interessante insekt når sjansen byr seg. Begge gongane resulterte det i at dyret havna i samlingane ved Bergen Museum heller enn at dei fekk lagt nye egg… Kanskje burde eg skriva “seleksjonspress” på visittkortet mitt?

Pseudolynchia canariensis, duelusfluge. Denne arten går særleg på duer, men er funnen på rundt 60 ulike artar. Eit nordisk funn er kjend, frå ein svensk natteramn (Andersson 1985)

Heldigvis for lusflugene høyrer slike situasjonar til unnataka – som regel finn fluga riktig dyr å landa på. Ein kan difor tenkje seg at mange fugleparasittar utan venger vil vera særs misunnelege på sine flygande konkurrentar, men evolusjonen er for løysingsorientert til at misunning er noka vanleg strategi i parasittsamfunna. Om du ikkje kan slå fiendane dine kan du slå lag med dei, seier eit gamalt ordtak, og ved mange høve er det nettopp det som skjer.

Når ei lusfluge flyg frå ein vert til ein annan let ho nemleg ofte nokre av medparasittane sine få haik. Due-lusefluga Pseudolynchia canariensis bèr til dømes ofte med seg midd av artane Myialges anchora og M. lophortyx, som begge lever mesteparten av livet sitt som hudparasittar på fugl. Individa som finnest på lusfluger er som regel gravide hoer, så det kan sjå ut til at dette er ein viktig spreiingsrute for midden. Dette gjeld over heile verda – opp til 54% av italienske og 22-23% av brasilianske lusfluger er infiserte med desse middane (Macchioni et al. 2005, Amaral et al. 2013). I tillegg til midd hender det ofte at fjørlus (Mallophaga) brukar flugene til å kolonisera nye vertar; Keirans (1975) lista heile 405 observerte tilfelle av lusfluger som flyg med lus.

Det er uvisst om dette er til fordel eller ulempe for flugene, men uansett korleis dei ser på det sjølv har dei altså ei viktig rolle i parasittsamfunnet. Samfunnsøkologisk kan me kalla lusflugene for nøkkelartar – dei har ein mykje viktigare funksjon for heile det økologiske systemet enn det ein kan venta ut frå talet på einskildindivid. Skal ein forstå parasittisme på fugl må ein difor ta spesielt omsyn til lusflugene.

Referansar:
– Amaral, H.L.C., Bergmann, F.B., Silveira, T., dos Santos, P.R.S. & Krüger, R.F. 2005. Pseudolynchia canariensis (Diptera: Hippoboscidae): distribution pattern and phoretic association with skin mites and chewing lice of Columba livia (Aves: Columbidae). Journal of Natural History 47, 2927-2936
– Andersson, H. 1985. De svenske lusflugorna. Entomologisk Tidskrift 106, 15-25
– Macchioni, F., Magi, M., Mancianti, F. & Perrucci, S. 2005. Phoretic association of mites and Mallophaga with the pigeon fly Pseudolynchia canariensisParasite 12, 277-279
– Keirans, J.E. 1975. A review of the phoretic relationship between Mallophaga (Phthiraptera: Insecta) and Hippoboscidae (Diptera: Insecta). Journal of Medical Entomology 12, 71-76
– Pizzi, R. 2009. Veterinarians and taxonomic chauvinism: The dilemma of parasite conservation. Journal of Exotic Pet Medicine 18, 279-282
– Tella, J.L., Gajón, A., Gortázar, C. & Osácar, J.J. 1998. High host specificity of Crataerina melbae (Diptera: Hippoboscidae) in a mixed colony of birds. Journal of Parasitology 84, 198-200
– Windsor, D.A. 2002. Equal rights for parasites. Conservation Biology 9, 1-2

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s