Krokodilleforsking: Dei gamle er eldst, og Afrika har trøbbel

Saltvasskrokodille, Crocodylus porosus.

Krokodiller er imponerande dyr som ofte kan vera særs vanskelege å artsbestemma. Dei viktigaste taksonomiske karakterane er i tennene og i detaljar i skjelmønsteret, og for å sjå dette må ein ofte tett inn på dyret. Sidan krokodiller bit kraftigare frå seg enn noko anna nolevande dyr er ikkje dette alltid ønskeleg, og ein seier seg difor ofte nøgd med meir usikre bestemmingar. Heldigvis (eller diverre?) for krokodilleentusiastar er det særs sjeldsynt at ein ser fleire artar krokodiller på same stad, så det er ofte nok å vita om lag kor i verda ein er for å kunne setja eit artsnamn på eit dyr ein har sett.

Dette er ikkje ein regel utan unnatak. Sør i Florida finnest det til dømes både amerikakrokodille Crocodylus acutus, mississippialligator Alligator mississippiensis og introduserte populasjonar av brillekaiman Caiman crocodilus, og mange som har vore i Australia vil vera kjend med at ein der kan sjå både saltvasskrokodille Crocodylus porosus og ferskvasskrokodille C. johnsoni. Det finnest heldigvis gode feltkarakterar for å skilja desse artane, utan at ein treng å symje bort og kika dei i munnen…

Av dei kontinenta eg har vore på er Afrika favoritten når det kjem til natur. Her finnest det, i følgje felthåndbøker og ymse katalogar over biologisk mangfald, berre tre artar: nilkrokodille Crocodylus niloticus er vidt utbreidd på heile kontinentet, frå Egypt i nord til Madagaskar i sør; medan panser-krokodille Crocodylus cataphractus og dvergkrokodille Osteolaemus tetraspis berre finnest i Vest-Afrika (t.d. Martin 2008). Desse er greie å skilje frå kvarandre på storleiken og forma på snuten – dvergkrokodilla er litan med brei snute, panserkrokodilla er mellomstor med smal snute og nilkrokodilla er stor med brei snute. Slik kan ein halda seg på trygg avstand og sjå på dyra gjennom kikkert eller telelinse, og likevel få namn på artane ein observerar.

Nilkrokodille, Crocodylus niloticus

Som taksonom synst eg namn er viktige, og går gjerne litt ekstra lengder for å finna ut om dei namna eg set på dyra mine er riktige. Stemmer alle dei taksonomiske karakterane med eksemplaret?  Er namnet verkeleg det eldste som høyrer til denne arten? Er arten definert på ein slik måte at det passar med biologien til dei faktiske organismane? I tilfellet afrikanske krokodiller har det i dei siste ti åra vorte pinleg tydeleg at svaret på dette siste spørsmålet er nei.

Det byrja i 2003, då ei gruppe forskarar la merke til at ørkentjernpopulasjonar av nilkrokodille var konsistent mindre enn populasjonar i større elver og innsjøar. For å teste om dette var systematiske skilnadar eller økologiske skilnadar innanfor arten samla dei difor inn vevsprøver frå eksemplar frå heile utbreiingsområdet til nilkrokodilla, og sekvenserte DNA frå desse. Resultata dei fekk då dei samanlikna sekvensane overraska dei stort – det viste seg at eksemplara frå aust- og vest-Afrika grupperte seg i to distinkte, ikkje-overlappande genetiske grupper (Schmitz et al. 2003).

Mest sannsynleg ein nigerkrokodille, Crocodylus suchus. Biletet er frå wikimedia commons og er teke i Burkina Faso.

Schmitz og kollegane hans meinte desse populasjonsgruppene var å rekna som eigne artar, og valde å bruka namnet Crocodylus suchus på den vestlege gruppa. Dette namnet kjem frå eit eksemplar som blei beskrive frå Niger-elva allereie i 1807, men mesteparten av tida sidan den gong har det vorte rekna som eit ugyldig synonym av Crocodylus niloticus eller som ein underart C. niloticus suchus. På norsk kan kanskje C. suchus få heite nigerkrokodille?

Ein artig detalj her er at allereie dei gamle egyptarane visste om skiljet mellom nil- og nigerkrokodilla. Som så mange andre dyr var krokodillene heilage i den gamle egyptiske religionen – krokodilleguden Sobek hadde til og med to heilage tempelbyar, store og lille Krokodilopolis (Worp 1983). Egyptiske tekster skil mellom to ulike slags krokodiller som hovudsakleg skilde seg frå kvarandre i storleik og temperament, og både C. niloticus og C. suchus er kjend frå mumifiserte krokodiller frå Sobek-tempel… Når det kjem til taksonomien til aust-afrikanske krokodiller er altså dei gamle eldst (Hekkala et al. 2011).

Osteolaemus “tetraspis” i vatnet.

Dvergkrokodilla ser på si side ut til å høyre til heile tre ulike grupper; ei som lever i Kongo-bassenget, ei i Ogooué-bassenget og ei i Vest-Afrika (Eaton et al. 2009). Dette er både tydeleg basert på DNA og ut frå matematiske analyser av forma på hovuda til dyra. Kongo-varianten har fått namnet Osteolaemus osborni, også denne frå ein tidlegare underart som blei beskriven for lenge sidan (i 1919). Ogooué-eksemplara har fått behalda O. tetraspis-namnet; medan det for den vest-afrikanske arten finnest tre moglege artsnamn frå 1860-talet som tidlegare har vore rekna som synonym. Det er naudsynt med meir forsking for å finna ut kva for eit, om nokon, av desse namna som høver best.

Felthandbøker må altså skrivast om – talet på gyldige, kjende afrikanske krokodilleartar er dobla dei siste ti åra på grunn av betre analysemetodar. Noko som er verdt å bita seg merke i er derimot at sjølv om det er kome til tre nye artar har det ikkje vorte beskrive nokre nye artar – alle artane var kjende frå før under dei same namna, men tre av dei har altså uriktig vore rekna som synonym av andre artar. Dette treng ikkje å tyda på at 1800-tals-vitskapsmennene som beskreiv dei først var meir oppegåande taksonomar enn dei 200 seinare åra med krokodilleforskarar; kanskje tvert imot har dei som har tvihalde på synonymiane vore dei fornuftige. For nokre av desse artane har det rett og slett ikkje vore grunnlag i museer og publiserte beskrivingar for å seie om dei har vore gode artar eller ikkje. Det var først då DNA-teknologi og matematiske morfologiske analyser kom på slutten av 1900-talet at ein kunne fastslå dette sikkert.

Dei gamle egyptarane sin krokodillekultus er godt dokumentert med både historiske tekstar og arkeologiske funn. Sola som heng over hovudet på krokodilla indikerar at denne er guddommeleg; dette er eit mykje brukt symbol i egyptisk mytologi.

Sikker artsbestemming er diverre altfor viktig når det kjem til så sårbare dyr som krokodillene er. Mange krokodillebestandar verda over er i kraftig tilbakegong på grunn av ulovleg jakt og habitatøydelegging. Populasjonsestimata er derimot veldig lite verdt når ein ikkje veit sikkert kvar grensene går mellom artane, og ein art som finnest i 6000 eksemplar og slit litt treng heilt anna lovgiving og vernetiltak enn to artar som finnest i 3000 eksemplar kvar og slit veldig…

Diverre har verken den internasjonale raudlista eller CITES (som regulerar handel med utryddingstruga dyreartar) gjort eigne vurderingar for C. suchus og C. niloticus, eller for dei tre vest-afrikanske artane. Sidan sju av dei tradisjonelle artane i den gamle, over-inkluderande systematikken derimot har problem allereie, er det grunn til å vera urolig.

Referansar:
Eaton, M.J., Martin, A., Thorbjarnarson, J. & Amato, G. 2009. Species-level diversification of African dwarf crocodiles (Genus Osteolaemus): A geographic and phylogenetic perspective. Molecular Phylogenetics and Evolution 50, 496-506
Hekkala, E., Shirley, M. H., Amato, G., Austin, J. D., Charter, S., Thorbjarnason, J., Vliet, K. A., Houck, M. L., Desalle, R. & Blum, M. J. 2011. An ancient icon reveals new mysteries: Mummy DNA resurrects a cryptic species within the Nile crocodile.Molecular Ecology 20, 4199-4215.
Martin, S. 2008. Global diversity of crocodiles (Crocodilia, Reptilia) in freshwater. Hydrobiologia 595, 587-591
Schmitz, A., Mansfeld, P., Hekkala, E., Shine, T., Nickel, H., Amato, G. & Böhme, W. 2003. Molecular evidence for species level divergence in African nile crocodiles Crocodylus niloticus (Laurenti, 1786). Comptes Rendus Palevol 2, 703-712
Worp, K.A. 1983. Hermopolitan Krokodilopolis: a Note. Zeitschrift für Papyrologie und Epigrafik 53, 261-262

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s