Rundmakken som berre finnest under ølbrikker

Ølbrikkemakk Panagrellus reduvivus, som vert om lag ein millimeter lang og 50 mikrometer tjukk.

Eg spekulerte for nokre dagar sidan om kva organismegruppe som er den mest artsrike i verda, og klarte på sjåvinistisk vis å skriva om insekt mesteparten av tida. Dette gjev meining, sidan det er meir realistisk å få nokon komplett oversikt over insekt enn dei fleste andre hypermangfaldige gruppene, og fordi det me veit om evolusjonsfart, tilpassingsevne o.a. kan tyde på at insektmangfaldet er meir sårbart enn det mikrobielle. Likevel er det ikkje absolutt riktig, sidan det meste tyder på at mikrobielt liv utgjer mesteparten av artsmangfaldet på jorda. Det er kanskje ikkje ein gong insekta som er dei mest artsrike fleircella organismane ein gong; der vil rundmakk (Nematoda) vera ein god kandidat.

Rundmakk finnest frå dei djupaste hava til høgt opp i fjella, i tarmar og på hud, i mat og generelt kor det skal vera. Mange av artane er parasittiske: Første møtet mitt med rundmakk var Enterobius vermicularis, som eg fekk i tarmen min som fireåring etter å ha ete snø med skumle fargar. Sidan mange av parasittane er veldig spesifikke på kva for vertsorganismar dei vil bu i er dei ofte lovande kandidatar for biologisk kontroll av skadedyr. Til dømes vil mange hageeigarar i Noreg vera kjende med produktet Nemaslug, som inneheldt rundmakken Phasmarhabditis hermaphrodita og vert brukt mot brunsniglar.

Egg av Enterobius vermicularis

Ein av dei best kjende ikkje-parasittiske rundmakk-artane er den såkalla ølbrikkemakken, som i dag ber namnet Panagrellus redivivus. Denne arten blei oppdaga tidleg på 1910-talet av ein nederlandsk makkforskar med det fantastisk flotte namnet Jan De Man. Arten heitte på denne tida Anguillula silusiae og blei funne under ei tjukk ølbrikke som blei samla på ein bar i Schleusingen i Tyskland. På denne tida var det vanleg å laga ølbrikker tjukkare og i grovare papirmasse enn i dag, og særleg eik vart brukt. Jan De Man spekulerte i at ølbrikkemakken stamma frå forfedrar som var knytt til rotnande eikeved, og samanlikna han med ein art han tidlegare hadde beskrive frå dette habitatet.

Historia om ølbrikkemakken blei meir vidt kjend i 1914, då den amerikanske nematologen Nathan Cobb brukte han som døme på kor spesialiserte rundmakk kan vera i ein artikkel for den amerikanske mikroskopi-foreininga. Sidan har anekdota spreidd seg til ein av dei mest utbreidde historiene ein fortel om rundmakk; eg fekk høyra om ølbrikkemakken på første rundmakk-forelesninga eg gjekk på på universitetet, og har òg lese historia i fleire lærebøker. Då eg heldt mi første forelesning i 2011 brukte eg han til og med sjølv. Eg forstår godt kvifor; det er utruleg kult at det finnest dyr som har klart å tilpassa seg så ekstremt til eit så spesialisert og ungt habitat. Det er jammen synd det ikkje er sant.

I dette er yngleglaset dyrkar ein polsk akvarist fram P. redivivus til å fora akvariefiskane sine med.

Første gong ølbrikkemakken blei funne utanfor ølbrikker var i 1921, av den same Nathan Cobb som hadde lansert anekdota for eit vidt publikum; han fann eksemplar av arten i rotne ferskenar. Sidan då har arten vorte funne mange gongar, og har vorte bestemt og klassifisert til minst åtte ulike slekter og fire ulike artsnamn. Det noverande namnet Panagrellus reduvivus blei først foreslått i 1945, og det var ikkje før i 1971 det blei full semje i nematologiske miljø om at dette var det riktige namnet. I tillegg til ølbrikker og ferskenar har han vorte funnen i habitat som cellulosefabrikkar, ospesevje, ynglegalleri hjå barkebiller og kveitekli; i tillegg til at makken vert dyrka kommersielt av og for akvaristar verda over. Det er altså på ingen måte nokon ekstrem spesialist me snakkar om her. Fellesnevnaren for habitata ser ut til å vera ulike gjærsopp som lever i desse habitata og som ølbrikkemakken lever av.

Det er synd å måtte ta livet av ein så artig anekdote som den om ølbrikkemakken. Heldigvis finnest det framleis andre nematode-anekdotar som faktisk stemmer. Visste du for eksempel at eit typisk eple kan innehalda opp til 90.000 rundmakk-individ?

Eg et ikkje eple så ofte.

Basert på:
Ferris, H. 2009. The beer mat nematode, Panagrellus redivivus: A study of the connectedness of scientific discovery. Journal of Nematode Morphology and Systematics 12, 19-25

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s