Jaguarar har jaggu jaga jorda rundt

Regnskog sett frå Amazonas-elva

Av dei mange genistrekane Andre Franquin teikna opp gjennom karriera si, er det nok portretta hans av den Sør-Amerikanske regnskogen eg har dei beste minna frå. Frå ekspedisjonen Sprint og Kvikk legg ut på i Kampen om arven (originalt Spirou et les héritiers, 1952via naturfilm-pastisjen i Den ville Spiralis (Le nid des Marsupilamis, 1957) til spinoff-serien Spiralis (1987-); den dampande jungelen i det fiksjonelle landet Palombia yrer over med biologisk mangfald som på ingen måte stoppar ved fantasidyret spiralis. Det er framleis Franquin sine jaguarar, boaslangar, arapapegøyer og tapirar som dukkar opp i hovudet mitt når eg tenkjer på Amazonas.

Menasjeriet Sør-Amerika kan skryta av i dag er derimot på langt nær så eksotisk som det kunne ha vore. Kontinentet låg nemleg isolert frå alle andre kontinent i mange millionar av år, og utvikla på denne tida ein unik fauna på linje med den australske. For tre millionar år sidan støtte derimot dei to Amerika-ane saman, og ei stor utveksling av artar byrja. Mange sær-Sør-amerikanske organismegrupper døydde ut eller blei sterkt reduserte, medan mange Nord-amerikanske grupper vandra inn og blei dominerande. Godt over halvparten av pattedyr-artane som finnest på kontinentet i dag høyrer til denne nordlege faunaen, inkludert ikoniske Amazonas- og Andes-dyr som jaguarar, lamaer, alpakkaer, nesebjørn og tapirar (Marshall 1988). Det enorme biologiske mangfaldet i det biologar kallar den Neotropiske regionen er i stor grad bygd på nyleg innvandring.

Jaguarstatue frå den peruvianske Moche-kulturen, ca 100-700 år e.Kr.

Som eit konkret døme på dette vil eg trekka fram jaguaren, Panthera onca. Denne majestetiske jungelkatten er eit ikon for Latin-Amerika, og har vore frykta og respektert mellom urbefolkning overalt der han finnest. I eit enormt område frå Chile og Argentina i sør, nord til delar av USA har han sett sitt preg på folklore, kunst og mytologi; inkludert hjå store og avanserte kulturar som mayaene og aztekarane. Når ein ser på dette er det difor rart å tenkje på at dette dyret opphavleg er ein asiat eller europar; Sør-Amerika spelar ei beskjeden rolle i mesteparten av jaguaren si utviklingshistorie.

Brølekattar, slekta Panthera, oppsto mest sannsynleg i Asia for under 11 millionar år sida. Genetiske data tyder på at dei noverande fem artane i gruppa (løve, tiger, leopard, snøleopard og jaguar) byrja å danna seg for om lag 2-4 millionar år sida: Ei ættelinje heldt seg i Asia og førte til tiger og snøleopard, medan gruppa som med tida blei til løver, leopardar og jaguarar vandra vestover til Afrika og Europa (Davis et al. 2010). Denne siste ættelinja er det òg belegg for i fossile data; det finnest afrikanske Panthera-fossil som har kjenneteikn frå både løver, leopardar og jaguarar og såleis kan vera stamarten til desse tre (Hemmer et al. 2001).

Dei tidlegaste fossila som trygt og ukontroversielt let seg plassera i jaguar-delen av treet er 1.5 millionar år gamle og er funne i Italia, av alle stadar. Denne europeiske underarten av jaguar, Panthera onca gombaszoegensis levde i store delar av Europa fram til midt-Pleistocen, frå Tajikistan og Georgia i aust til Nederland og Storbritannia i vest. Dei var større enn dagens jaguarar, men ser ut til å ha levd om lag på same måte fram til dei døydde ut for om lag 400 000 år sidan. Det er usikkert om det var klimatiske tilhøve, menneskeleg påverknad eller ein kombinasjon som førte til at dei døydde ut (O’Regan et al. 2002).

Hovudskalle av nord-amerikansk jaguar; Panthera onca augusta.

Amerikanske jaguarar dukka opp noko seinare, om lag 0.8 millionar år sidan, og vert klassifisert som underarten Panthera onca augusta. Desse ser ut til å ha vore knytt til taigaskog à là den ein finn i store delar av Canada og Russland i dag, og vert ofte funne saman med tapirar og navlesvin (Schultz et al. 1985). Taiga-tilknytninga kan likevel ikkje ha vore absolutt, sidan fossil frå Brasil og Chile har vorte bestemt til denne varianten…

Mot slutten av Pleistocen-tida, då istida tok slutt og dei første menneska byrja kolonisera Nord-Amerika, døydde dei nordlege jaguarane ut, og den historiske utbreiinga til jaguaren vart etablert, med populasjonar frå Sørvest-USA til Argentina og Paraguay. I dag er det kjend levedyktige og stabile populasjonar frå dei store regnskogsområda i Amazonas- og Orinoco-bassenga, samt delar av Mellom-Amerika nord til ein felles meksikansk-amerikansk bestand.

Den amerikanske jaguaren er i biogeografisk forstand å rekna som ein nyleg innvandrar frå Europa, og er no avhengig av det amerikanske kontinentet for å overleva som biologisk ættelinje. I tillegg til ulovleg jakt og habitatøydelegging over heile det noverande utbreiingsområdet sitt har han i dag òg ytterlegare problem på grunn av tiltak mot nettopp innvandring. Lange strekningar med gjerder som er meint å halda meksikanarar frå å ta seg inn på amerikansk territorium heldt i tillegg jaguarar frå å bruka fleire hundre kvadratkilometer med godt eigna territorium nord for grensa. Det ligg ein viss tragisk ironi i dette.

Vill jaguar frå Brasil

Innvandrar eller ikkje, jaguarane i Sør-Amerika og Mexico fyller viktige økologiske funksjonar som toppredatorar i økosystema, og har viktige regulerande effektar på bestandar av hjort, navlesvin og andre store beitedyr. Mistar ein jaguarane, forandrar økosystem-strukturen seg, og ikkje naudvendigvis til noko som er betre for mennesket. I tillegg er jaguaren ein imponerande majestetisk skapning som me kan læra mykje av – dei har trass alt tre millionar år med unike tilpassingar og løysingar på evolusjonære problem bak seg.

Referansar:
– Davis, B.W, Li, G. & Murphy, W.J. 2010. Supermatrix and species tree methods resolve phylogenetic relationships within the big cats, Panthera (Carnivora: Felidae). Molecular Phylogenetics and Evolution, 56, 64-76
– Hemmer, H., Kahlke, R-D. & Vekua, A.K. 2001. 
The Jaguar – Panthera onca gombaszoegensis (Kretzoi, 1938) (Carnivora: Felidae) in the late lower pleistocene of Akhalkalaki (south Georgia; Transcaucasia) and its evolutionary and ecological significance. Geobios, 34, 475-486
– Marshall, L. G. 1988. Land Mammals and the Great American Interchange. American Scientist, 76, 380-388
– O’Regan, H.J., Turner, A. & Wilkinson, D.A. 2002. European Quaternary refugia: a factor in large carnivore extinction? Journal of Quarternary Science, 17, 789-795
– Schultz, C.B., Martin, L.D., & Schultz, M.R. 1985. A pleistocene jaguar from North-Central Nebraska. Transactions of the Nebraska Academy of Sciences, 13, 93-98.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s