Som ein vêrsjuk fiolin

Døme på billig fiolin.

Døme på billig fiolin.

Min andre store interesse, etter naturhistorie, er musikk. Det er lite som kan måla seg med ein god melodi og nokre vakre harmoniar, anten ein ser på, høyrer på eller er med å spela sjølv. For tida spelar eg gitar, mandolin, tangentar og bass tåleleg bra og trakterar banjo, fiolin og munnspel på grunnleggande nivå. Av desse instrumenta er det berre bassen som ikkje er representert i samlinga mi…

Sidan eg samlar i bredda på musikkinstrument er ingen av instrumenta særleg fine og dyre – eg investerar heller i tre-fire brukbare instrument enn i eit eksemplarisk eit; sjølv om lyden kan variera stort mellom ulike instrumentmakarar. Det er difor lite truleg om eg nokonsinne kjem til å få eit skikkeleg prestisjefylt kvalitetsinstrument i hende.

Stradivarius slik Edgar Bundy (1893) forestilte seg han

Den mest kjende instrumentmakaren gjennom tidene var den italienske fiolinmakaren Antonio Stradivari, betre kjend som Stradivarius (1644-1737). Han var ein dyktig handtverkar som lagde mange ulike slags instrument; mellom anna bratsjar, celloar, mandolinar, gitarar og harper. Mest kjend er han nok for fiolinane sine, som har ei sterk tiltrekkingskraft på klassiske musikarar og instrumentsamlarar verda over. Verdas dyraste musikkinstrument var ein stradivariusfiolin som blei selgd på auksjon i 2011 for 9,8 millionar pund – nesten 100 millionar kroner!

Mange har lurt på kva det er som gjer stradivariusane til så gode instrument. Dette er eit komplisert spørsmål som sannsynlegvis har fleire riktige svar, men eit av svara har med treverk å gjera. Tre som veks i ulike miljø og til ulik tid vil òg ha ulike tonale eigenskapar på grunn av skilnadar i t.d. tettleik og elastisitet. Mykje av denne variasjonen kjem av dei klimatiske tilhøva til treet – temperatur, nedbør og soldøger har stor innverknad på kor lang og stabil vekstsesongen til treet er, og såleis på korleis treet veks.

Med unnatak av palmer og nokre få andre grupper av planter veks dei fleste tre frå midten og utover. Veksten skjer i ulikt tempo ulike delar av året, proporsjonalt med kor mykje lys treet får. Når ein vekstsesong sluttar oppstår det eit tydeleg skilje i treverket, sidan tidleg og sein ved har ulike eigenskapar. Det oppstår årringar.

På same måte som det er skilnad på vekstvilkåra tidlig og seint i sesongen, er det skilnad på geografiske område og på ulike år. Eit år med tidleg vår og sein vinter vil vise seg i årringene som ein breiare ring, sidan det vil bli produsert meir ved over ein lengre vekstsesong. På same måten vil eit dårleg år gje ein smal ring. Studiet av årringar er eit fruktbart forskingsfelt som gjev verdifulle innsiktar til fag som arkeologi, paleoøkologi, fortidsklima og altså organologi – studiet av musikkinstrument.

Tida Stradivari levde på var prega av naturlege klimaendringar på grunn av redusert solaktivitet. Perioden frå slutten av middelalderen til midten av 1800-talet kallast ofte for “Den lille istida”, og det første klimatiske minimumet skjedde om lag medan Stradivari var aktiv. Treverket han brukte i fiolinane sine kom frå skog sør i Alpane nær verkstaden hans i Cremona nord i Italia. Sidan effektane av klimaendringar ofte er sterkast i fjella forandra desse skogane seg markant med nedkjølinga: dei lange vintrane og korte somrane førte til uvanleg små, tette årringar.

Stor kunst kjem frå djup liding og hardt arbeid, seier dei. I tilfellet Stradivari var det treet som sto for lidinga.

I vår tid er det vesentleg betre vekstvilkår for trea i Alpane – somrane er gjennomsnittleg lengre, vintrane kortare og tilgongen på karbon i lufta er høgare enn på mange hundre år. Dette er dårlege nyhende for dagens instrumentmakarar; sidan kvaliteten på treet såleis går ned. Det finnest heldigvis andre måtar enn global nedkjøling å få til treverk med dei same akkustiske eigenskapane som Stradivari sine verutsatte graner: Sveitsaren Francis Schwarte har oppdaga at visse soppar som lever i daud ved bryt ned treverket på måtar som gjev liknande effekt som det harde vekstsesongar gjer. Soppen Xylaria longipes manglar f.eks. evna til å bryta ned visse stoff som finnest i tre-cellene, og endrar såleis lite på det indre celleskjelettet når han angrip veden. Treet heldt seg såleis like rigid som vanleg, men vert altså meir porøst.

Fiolinane Schwarte har fått bygd av det sopp-behandla treverket sitt gjer det gjennomgåande særs bra i blindtestar, og skal visstnok ikkje stå tilbake for Stradivari sine originalar i klang og akkustikk. Det er riktignok mindre mystikk knytt til metodane til Schwarte enn dei Stradivari brukte, og det er framleis betre klang i Stradivarius-namnet enn i både Schwarte og Xylaria

Derimot vil kombinasjonen av god lyd og låg pris vera fristande for eit stort publikum som i dag berre kan drøyma om å spela på klangfulle antikvitetar i Stradivarius sin liga. Schwarte sin teknologi kan demokratisera kvalitetsfiolinar på ein måte som ikkje har vore mogleg tidlegare, og gjera at ivrige amatørar som meg vil kanskje sleppa å måtte gnikka på kinesiske finèrprodukt? Eg trur både eg og naboane mine vil setja pris på det dersom eg byttar ut fiolinen eg har no med ein Schwarte før eller seinare….

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s