Ei uvanleg forkjærleik for…?

Det finnest mange veldig kule biller der ute. Mellom favorittane mine finn vi tigerbiller, Cicindelinae; som er ei underfamilie av løpebiller Carabidae. Dette er Cicindela hybrida; i mi eiga samling har eg den nært skylde C. campestris.

I ei gamal anekdote som vert fortalt ofte heiter det seg at den tidlege populasjonsgenetikaren J.B.S. Haldane var i same middagsbesøk som ein biskop i den engelske kyrkja. Då Haldane fekk spørsmål om kva biologistudiane hadde lært han om tankegongen til skaparen, skal biologen tørt ha svart at “han har ei uvanleg forkjærleik for biller”. Dette har å gjera med det særs høge talet på artar som finnest i gruppa Coleoptera – ein funfact som finnest i mange lærebøker seier sågar at kvar fjerde art på jorda er ein bille.

Eg mislikar denne anekdota sterkt. Det er ikkje fordi eg har så mykje imot biller, men fordi eg har noko imot påstandar som vert lagt fram skråsikkert utan belegg. Det er riktig at ein fjerdedel av beskrivne artar høyrer til billene – siste opptelling gav 386 500 gyldige artar – men dette talet er i utgongspunktet ikkje så veldig interessant. Det store fleirtalet av artar i verda er ubeskrivne for vitskapen, det store fleirtalet av beskrivne artar er for dårleg kjende til at artsnamna kan reknast som trygge hypoteser, og eksisterande statistiske metodar for å estimera artstal er for dårlege til at ein kan setja sin lit til dei. Kva gruppe som er den mest artsrike er difor framleis eit ope – og veldig spanande – spørsmål.

Vasskalvar er den mest artsrike gruppa av reint akvatiske biller. Dette er Agabus bipustulatus.

Ei heilt grunnleggande metode for å koma nærare eit svar på dette spørsmålet er å samla inn og bestemma artar, og å beskriva dei artane som viser seg å vera ubeskrivne. I tillegg til at dette endrar dei publiserte artstala kan òg artsbeskriving som aktivitet reknast på. Artsgrupper og geografiske område som ein ofte oppdagar nye artar i vil meir sannsynleg vera artsrike enn artsgrupper kor dei fleste artane ein finn er kjend frå før. Analyser av taksonomisk litteratur har enno ikkje vorte gjort i noka global skala, men det finnest lovande resultat på mindre grupper. Favorittdømet mitt er Nilsson-Örtman & Nilsson (2010), som brukte data frå taksonomiske revisjonar til å estimera eit totaloverslag på ca 5400 artar vasskalvar i verda, med høgast artsrikdom i Søraust-Asia og Latin-Amerika.

Ein Lestremiinae-art frå New Zealand.

Ein føresetnad for å estimera ut frå taksonomisk litteratur er sjølvsagt at det må finnest eit aktivt taksonomisk forskarmiljø som arbeider med den aktuelle gruppa i det aktuelle geografiske området. I tilfellet vasskalvar finnest dette for heile verda, men for mange andre grupper og mindre område er det for langt mellom publikasjonane til at ein kan spora trendar og tendensar. Det finnest for eksempel berre ein taksonom i heile verda som jobbar seriøst med gallmygg-underfamilien Lestremiinae, trass i at dette er ei særs artsrik gruppe med særs mange ubeskrivne artar. Då Jaschhof & Jaschhof (2009) reviderte den svenske faunaen av Lestremiinae var nesten ein fjerdedel av dei 230 artane tidlegare ukjende for vitskapen! Det er foreløpig umogleg å seie noko om denne gruppa i andre område enn Nord-Europa – det einaste landet der dei er godt studert er Sverige…

Når ein ikkje har nok taksonomisk aktivitet innanfor ei gruppe globalt, vil naturleg nok dei einaste dataene ein har vera lokale. Kan ein då bruka data frå ein lokal fauna til å laga globale estimat? Svaret på dette spørsmålet er tja. Godt studerte faunaer er sjeldne, og fordeling av organismegrupper er på ingen måte uavhengig av geografi. På den andre sida finnest det grupper som har nær global utbreiing – alle dei store insektgruppene finnest på alle kontinent, og det same gjeld for virveldyr.

Som “basis” for estimata kan ein kanskje bruka Storbrittania. Der har dei nemleg studert alt som kan krypa av gå av biologisk mangfald i fleire århundrer, og ein armé av dyktige hobby-taksonomar samlar på og bestemmer opp alt frå dei enklaste sommarfuglane til dei tyngste hærmyggane. Eit rekneeksempel på dette blei gjeve av Stork (1993), som nemner at det er kjend ca 22000 britiske insektartar, korav 67 er dagsommarfuglar. Dagsommarfuglar høyrer til mellom dei best studerte organismegruppane i verda, og ein kan difor rekna med at dei globale artstala innanfor denne gruppa er nokonlunde brukbare. Når ein ser på forholdstalet mellom sommarfuglar og andre insekt i Storbritannia, og gangar det opp med dei ca 19400 sommarfuglane som finnest i verda, ender ein opp med eit overslag på minst 6.3 millionar insektartar globalt.

Kunnskapen om britiske insekt over tid, basert på Gaston (1991)

Kunnskapen om britiske insekt over tid, basert på Gaston (1991)

Ein annan forfattar som såg på forholdstal mellom britiske insektsgrupper var Gaston (1991). Han merka seg at det fantest langt fleire artar av veps og tovenger i dei britiske listene enn det fantest både biller og sommarfuglar. I tillegg såg han at talet på nye observasjonar og funn av desse to gruppene steig mykje raskare enn for biller og sommarfuglar, der artstala ikkje har endra seg mykje sidan midten av 1800-talet. Dette med stabilisering av artstala er viktig, sidan dette tyder at størsteparten av informasjonen er kjend; og sidan både tovengene og vepsane framleis har ustabile artstal kunne Gaston koma til to konklusjonar. Ikkje berre er tovenger og veps dei mest artsrike gruppene i Storbritannia; det er òg hjå desse gruppene kunnskapen er dårlegast og det er flest nye artar å finne.

Det er ikkje godt å seie om dette mønsteret gjeld for heile verda. Den britiske naturen er trass alt veldig spesiell: alle artane er innvandra i løpet av dei siste 10 000 åra, og nesten alle økosystema er ekstremt menneskepåverka. Det er òg godt mogleg at biller kan utgjera ein større del av økosystema i tropane enn dei gjer i tempererte strøk. For å finna ut av dette må ein studera tropiske økosystem i langt høgare detalj enn ein gjer i dag – kurvene som flatar så fint ut for biller og sommarfuglar i Storbritannia er framleis stigande i mange tropiske land. Ein har difor ikkje grunnlag til å seie kor mange artar som finnest av verken biller, tovenger eller veps i verda totalt, eller ein gong kva for ei av gruppene som er den mest artsrike.

ZADBIAvslutningsvis vil eg nemna eit pågåande prosjekt som kanskje kan bli det neste store verket i denne debatten. Zurqui All Diptera Biodiversity Inventory (http://phorid.net/zadbi/) er organisert av naturhistorisk museum i Los Angeles, og tek sikte på å kartlegga alle tovengeartane som lever i det ca to hektar store tåkeskogsområdet Zurqui i Costa Rica. Over 50 taksonomar frå heile verda er involverte, og kjem til å artsbestemma store mengder av representantar frå alle tovengefamiliane som finnest der. Sjølv har eg ansvaret for dei sommarfuglmyggane som høyrer til andre slekter enn Psychoda i tribusen Psychodini. Det er ikkje naudvendigvis veldig mykje betre å tolka basert på eit tropisk land enn på eit temperert europeisk eit, men forhåpentlegvis vil samanlikningar mellom dei to typane økosystem kunne gje djup innsikt i insekt, og såleis òg i biologisk mangfald.

Det er etter mitt syn mest sannsynleg at det er veps som er den mest artsrike insektsgruppa, men det kan òg godt vera tovengene eller billene som stikk av med førsteplassen. Dette er uansett ikkje noko godt svar på spørsmålet om kva organismegruppe som er den mest artsrike globalt. Kvar einaste av dei millionane av insektartar som finnest der ute har mest sannsynleg sine eigne artar av bakteriar, protistar og nematodemakk i tarmane sine, og begge desse gruppene finnest òg i store mengder i jord, på planter og i havet. Dersom ein ser på det som finnest av biologisk mangfald mellom bakteriar i jord, hav og stein – dei fleste naturlege miljø, faktisk – er det lett å rekna seg fram til langt høgare tal enn det ein kan gjera med dei villaste insekt-estimeringsmetodar (sjå t.d. Curtis et al. 2002).

Det er håpet mitt at eg ein dag vil havna i middagsbesøk med ein prest ein gong, og at eg då vil få spørsmålet om kva biologien kan fortelja oss om skaparen sin tankegong. Dersom ZADBI vert ein suksess vil eg kanskje kunne seie “han er ein varm tilhengar av fluger”, men eigentleg vil eg heller snakka om eigenskapar organismane har enn om organismane sjølv. I så fall vil eg som morfolog referera til dei kroppsdelane som varierar mest mellom ulike organismar ute i naturen: Dersom Gud finnest diggar han penisar.

Referansar
– Curtis, T.P., Sloan, W.T. & Scannel, J.W. 2002. Estimating prokaryotic diversity and its limits. PNAS 99, 10494-10499
– Gaston, K.J. 1991. The magnitude of global insect species richness. Conservation Biology 5, 283-296
– Jaschhof, M. & Jaschhof, C. 2009. The Wood Midges (Diptera: Cecidomyiidae: Lestremiinae) of Fennoscandia and Denmark. Studia Dipterologica Supplement 18, 1-333
– Nilsson-Örtman, V. & Nilsson, A. L. 2010. Using taxonomic revision data to estimate the global species richness and characteristics of undescribed species of diving beetles. Biodiversity Informatics 7, 1-16
– Stork, N. 1993. How many species are there? Biodiversity and Conservation 2, 215-232

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s