Vind eller forsvinn

Auckland-øya sør for New Zealand; heimstaden til fleire artar ikkje-flygedyktige sommarfuglmygg

Det bles på toppane, seier dei, men det er heller ikkje så lett å vera unik. I Skandinavia finn ein såleis sterk vind ikkje berre i fjella, men òg langs kysten. Dette er noko lokalt dyre- og planteliv er nøydd til å forhalda seg til. Det er difor mange klassiske døme på evolusjonære tilpassingar til vind i fjell- og øy-økosystem.

Første gong eg høyrde om dette var i samband med mi undersøking av afrikanske sommarfuglmygg, då eg lærte om arten Psychoda sanfilippoi frå Mount Kenya. Denne arten har ikkje-funksjonelle venger for å unngå å bli teken av vinden (Salamanna 1980). Liknande artar med reduserte venger finnest på forblåste øyer i Sørishavet, utan at desse er i nær slekt med P. sanfilippoi (Duckhouse 1971).

Sommarfuglmygg i slekta Psychoda er heldige dyr, sidan dei ikkje treng å fly for å gjera dei viktigaste gjeremåla sine. Kva skal du med venger om larvene dine et kva som helst som er daudt, om du møter partnarar på bakken og aldri tek til deg føde? For andre slags insekt vil det derimot vera vanskelegare å mista flygeevna. Kva gjer du dersom larvene dine er kresne? Kva gjer du om du ikkje kan imponera det motsette kjønn utan å fly på akrobatisk vis? Kva gjer du om du treng å fly frå blome til blome for å overleva?

Prikkrutevenge

I Østersjøen, mellom Finland og Russland, ligg det ei russisk-eigd øy som bèr det lite flatterande namnet Pikku-Tytärsaari (finsk for “den vesle dotter-øya”). Her lever det ein isolert populasjon av prikkrutevenge Melitaea cinxia som ikkje har vore i kontakt med artsfrender frå andre stadar på over 70 generasjonar. Denne sommarfuglen lever berre på veronika (Veronica spp.) og smalkjempe (Plantago lanceolata), og er knytt i stor grad til strandenger. Arten er særs sjeldan i Noreg, og finnest i dag berre ved nokre få strender ved Oslofjorden; dette er på grunn av mykje menneskeleg inngripen i habitatet.

Livet på Pikku-Tytärsaari er prega av sterk vestavind meir eller mindre heile tida, og det er difor lurt for sommarfuglane å ikkje fly når dei kan unngå det – dei risikerar å bli blåste på sjøen. Ein kan difor forventa at populasjonane der over tid vil utvikla kjenneteikn som gjer det enklare å halda seg på underlaget når det bles hardt.

70 generasjonar er ikkje veldig mykje i evolusjonær tid, men ei gruppe forskarar frå Finland fann nyleg ut at det framleis er nok til å skapa ordentlige endringar (Duplouy & Hanski 2013). Dei målte klo-lengd og -kurvatur hjå 61 sommarfuglar frå både Pikku-Tytärsaari, Åland, Finland og Sverige, og fann ut at populasjonen på den vesle øya hadde langt meir bøygde klør enn slektningane sine på fastlandet. I tillegg gjorde dei eksperiment: Dei tok med levande eksemplar på laboratoriet og blas på dei med ein hårfønar. Fastlands-sommarfuglar blei tekne av vinden når forskarane heldt fønarane 50 cm frå dei, medan øybuarane klarte å halda på underlaget heilt til fønarane var 36 cm unna…

Å leva med høg vindstyrke er altså tøffe greier. Det å læra seg å leva med det er derimot ikkje så veldig vanskeleg, så lenge det å feila er døydeleg…

Referansar:
– Duplouy, A. & Hanski, I. (2013) Butterfly survival on an isolated island by improved grip. Biology Letters, 9, 20130020
– Duckhouse, D. A. (1971) Entomology of the Aucklands and other Islands south of New Zealand: Diptera: Psychodidae. Pacific Insects Monograph, 27, 317-325.
– Salamanna, G. (1980) Psychoda sanfilippoi sp.n., a brachypterous species from Mount Kenya (Diptera: Psychodidae). Aquatic Insects, 2, 191-196.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s