Kunsten å koma seg inn i fuglar, del 1

Ravsnigel (Succinea sp.) med Leucocholoridium-parasitt i antenna.

Leicochloridium paradoxum er ein parasittisk flatmakk som finnest i store delar av Europa og delar av Nord-Amerika. Mesteparten av livet sitt lever han som egg eller larve, men han kan berre formeira seg i tarmen på fuglar. I dette biletet ser me korleis L. paradoxum oppførar seg i det siste larvestadiet sitt, kor makken lever som parasitt i landsniglar (her ravsnigel, Succinea sp.)

Egga til flatmakken vert spreidd med fuglemøk og havnar rundt omkring i landskapet. Når ein uheldig snigel kjem til å eta eit av egga førar dette til klekking, og det første larvestadiet vert fødd og kravlar ut i snigelen sin mage. Her går makken gjennom store endringar i utsjånad, og utviklar lange utvekstar i retning snigelen sine augestilkar.

Succinea putris utan parasittar i augestilken.

I biletet over ser me korleis dette ser ut til slutt. Makklarva har her fått eit karakteristisk stripemønster som kan minne om ei feit og saftig sommarfugllarve. I tillegg øydelegg makken delar av auga til snigelen og gjer verten sin blind. På denne måten syt makken både for at snigelen ser ut som eit herremåltid for fuglar, og at han mistar evna til å finna gode mørke stadar å gøyme seg på.

Dei lekre sommarfugllarvene makken etterliknar er fristande for mange småfuglar, og dei parasitterte sniglane vert difor fort etne. På denne måten havnar makken akkurat der han har lyst til å vera – på innsida av ein fugl, der han kan møta andre makk. Den romantiske stemninga som då oppstår førar til at makkane lagar små makk-unger som dei sender ut i verda for å torturera nye sniglar.

Kompliserte livssyklusar som dette, kor ein parasitt brukar og manipulerar ein mellomvert for å koma seg inn i kroppen til sluttverten sin, er vanlege i naturen. Når ein ser korleis Moder Jord turar på, er det rart ingen har varsla barnevernet enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s