Om målarmygg og verdien av taksonomisk pedanteri

Thaumalea testacea, ein av dei vidast utbreidde målarmygg-artane i Europa.

Målarmygg (Diptera: Thaumaleidae) er ei lita gruppe tett bygde mygg som oftast er brune med eit gulaktig skjær. Dei let seg enklast kjenna att på dei mangesegmenterte, men korte antennene som vert markant tynnare ut mot spissen. Sidan dei er dårlege flygarar, lever kort og sjeldan beveger seg langt unna larvehabitata sine er det sjeldsynt å sjå vaksne individ både i naturen og i samlinger; men larvene kan vera lokalt vanlege der dei finnest. Dei unge stadia kan minna noko om fjærmygglarver og lever i tynne, ofte vertikale vassfilmer på fjellveggar. Det er kjend fire artar målarmygg frå Noreg; den mest utbreidde er Thaumalea testacea (Willassen 1996).

Zoologisk nomenklatur baserar seg på eit “førstemann-til-mølla”-prinsipp, og når det viser seg at fleire namn høyrer til same arten vil det det eldste namnet vera rekna som gyldig. I arbeid eg nyleg var med på om mygg frå Finnmark blei det oppdaga at Thaumalea truncata har vorte handsama med fleire ulike namn i litteraturen opp gjennom historia, og me hadde difor litt problem med kva namn me skulle bruka til å rapportera arten (Andersen et al. 2013). Fordi det både er uklart kor mange artar som finnest i gruppa og kva namn som høyrer til kvar art fekk me difor litt problem.

Thaumalea truncata først blei beskriven av Edwards (1929), såg han berre på korleis dyret såg ut på utsida. Dette er hovudgrunnen til problema som har oppstått, for det har seinare vist seg at den sikraste måten å skilja målarmygg-artar på er å studera det indre forplantingsapparatet. For å gjera dette må ein bleika eksoskjelettet med lut eller nellik-olje, og helst montera dyret på eit mikroskoppreparat.

Rotet starta alt i 1949 då Thaumalea tricuspis blei beskriven som ein ny art frå Sverige (Tjeder 1949). Her blei både dei ytre og dei indre genitaliane illustret, men berre dei ytre blei brukt til å forklara kvifor tricuspis og truncata var distinkte artar. I følgje Tjeder var tricuspis kjenneteikna av tre piggar på gonopoden (ei gripearm dei har på kvar side av kopulasjonsorganet) der truncata har to. Dette viste seg fort å vera feil; Collart (1950) påpeikte korrekt at dette var ein variabel karakter innanfor arten, og at truncata faktisk vanlegvis hadde tre piggar. Dei to artane blei difor rekna som synonym.

Den karakteristiske antenneforma til Thaumaleidae.

Sidan då har det vorte publisert tre viktige verk om målarmygg i Europa. Tsjekkarane Martinovsky & Rozkosny (1976) studerte dei indre genitaliane hjå både T. truncata og T. tricuspis og stadfesta at dei to namna høyrde til same art. Sveitsaren Vaillant (1977) rekna på si side både truncata og tricuspis som eigne artar, og beskreiv i tillegg ein ny art som blei heitande Thaumalea cebennica.

Det siste skotet på stamma er mannen som seinare blei doktorgradsrettleiaren min, som skreiv ei glimrande bestemmingsbok i serien Süsswasserfauna von Mitteleuropa (Wagner 2002). Her blei truncata og cebennica rekna som eigne artar basert på tydelege skilnadar i dei indre genitaliane; tricuspis blei ikkje nemnd. Diverre er boka noko problematisk; dei indre genitaliane Wagner teiknar for truncata liknar ikkje på noko som har vorte illustrert tidlegare, medan dei han teiknar for cebennica tilsvarar illustrasjonane til Tjeder (1949) av tricuspis og Disney (1999) av truncata

Genitaliane til det me kallar Thaumalea testacea, frå Finnmark. Då eg spurde Wagner om kva han meinte om dette biletet svarte han at det var ein klar cebennica.

Genitaliane til det me kallar Thaumalea truncata, frå Finnmark. Då eg spurde Wagner om kva han meinte om dette biletet svarte han at det var ein klar cebennica.

Då me først oppdaga dette var det klart at eit eller anna var feil. Dersom tolkinga Wagner (2002) gjer av truncata er riktig, vil det gyldige namnet for den andre arten vera tricuspis i staden for cebennica, sidan desse to ser ut til å vera same art basert på dei indre genitaliane. Om derimot Martinovsky & Rozkosny (1976) og Disney (1999) har tolka truncata rett, vil Wagner (2002) sin cebennica vera den ekte truncata, medan truncata-en hans sannsynlegvis er ein ubeskriven art. I artikkelen om mygg frå Finnmark valde me å følgje den siste tolkinga, men me skreiv òg at dette er ein hypotese som treng å bli testa.

Det finnest nemleg måtar me kan finna ut korleis den ekte truncata ser ut, sjølv om ikkje Edwards (1929) teikna gode nok teikningar. Eksemplara som blei brukt i originalbeskrivinga av arten finnest nemleg enno, i samlingane til The Natural History Museum i London. Alt ein treng å gjera for å få klarheit i truncata-spørsmålet er såleis å låna inn desse eksemplara, bleika dei og studera dei indre genitaliane. Dette står på to do-lista mi.

Eit spørsmål mange stiller seg når eg fortel om slike ting er om dette har nokon verdi eller om det berre er pedantisk flisespikking. Etter mitt syn er begge delar til ein viss grad riktig – ein reddar ikkje verda ved å løysa slike små taksonomiske og nomenklatoriske problem. På den andre sidan er eit eintydig namnesystem for artane naudsynt for å forstå biologisk mangfald, og for at dette systemet skal fungera må ein følga dei reglane som finnest. Om ulike forfattarar brukar dei same namna om ulike artar, vil dette gje misvisande opplysningar om utbreiinga til artane, som er den viktigaste kjelda til kunnskap om vernestatus for dei fleste insektartar. Dette kan igjen ha konsekvensar for forvalting og miljøovervåking.

Når eg driv med mitt taksonomiske pedanteri løyser eg altså ikkje eksisterande verdsproblem. Derimot kan ein fort skapa nye om ein ikkje tek omsyn til taksonomiske reglar.

Referansar:
– Andersen, T., Hagenlund, L.K., Håland, Ø., Kvifte, G.M. & Skartveit, J. 2013. New records of lower Diptera (“Nematocera”) from Finnmark. Norwegian Journal of Entomology 60, 182–189.
– Collart, A. 1950. Sur Thaumalea tricuspis Tjeder (Diptera: Thaumaleidae). Bulletin du Musée royal d’histoire naturelle de Belgique 26(46), 1–2.
– Disney, R.H.L. 1999. British Dixidae (Meniscus midges) and Thaumaleidae (Trickle midges): keys with ecological notes. Freshwater Biological Association, Scientific Publications 56, 1–128
– Edwards, F.W. 1929. A revision of the Thaumaleidae (Dipt.) Zoologischer Anzeiger 82, 121-142
– Martinovsky, J. & Rozkosny, R. 1976. Four new species of Thaumaleidae (Diptera) from Europe with taxonomic and distributional notes on other species. Acta entomologica Bohemoslovaca 73, 187–205
– Tjeder, B. 1949. The first Swedish representative of the family Thaumaleidae (Dipt. Nemat.). Opuscula Entomologica 14, 106–109
– Vaillant, F. 1977. Les Diptères Thaumaleidae d’Europe. Annales de la Societé de Entomologique de France (N. S.) 13, 695–710.
– Wagner, R. 2002. Insecta: Diptera: Thaumaleidae. Süsswasserfauna von Mitteleuropa 21, 41–110.
– Willassen, E. 1996. Thaumaleidae – Målermygg. Pp. 252–253 in Aagard, K. & Dolmen, D. (red.), Limnofauna Norvegica – Katalog over norsk ferskvannsfauna. Tapir Forlag, Trondheim.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s