Grøne jegarar i myra: All the while we do it soldoggystyle

Rundsoldogg, Drosera rotundifolia, med nokre stakkars fortapte fjørmygg.

Ei av dei viktigaste faktorane som styrar kvar ei plante kan veksa er tilgongen på nitrogen, som dei treng til å laga protein og DNA. Ulike planteartar har ulike krav til kor mykje nitrogen dei treng, og mange har eigne tilpassingar for å sørga for å få tak i stoffet. Eit døme er erteplantefamilien (Fabaceae), som har spesialiserte strukturar i røtene sine der det lever symbiotiske cyanobakteriar som kan fiksera nitrogen frå omgjevnadane. Eg skal derimot i dag ta for meg ein noko annan strategi – planter som fangar og et dyr.

Dionaea muscipula, ei subtropisk våtmarksplante frå Nord-Amerika.

Trangen til å eta kjøt har oppstått minst seks ulike gongar i planteriket; og det finnest fire ulike hovudstrategiar for å fanga bytte (Ellison & Gotelli 2009). To av desse finnest berre hjå tropiske og subtropiske arter; nemleg klappfellestrategien til Dionaea muscipula og fallfellestrategien som har oppstått i fire ulike familiar.

Ei fangstmetode som kan observerast hjå norske kjøtetande planter er “vakuumfangst” – vassplanta blærerot Utricularia spp har spesielt utforma blærer på bladstilkene. Blærene har undertrykk, og er utstyrt med små følehår ved opningene sine. Når nokre stakkars små mygglarver eller vasslopper kjem i kontakt med desse følehåra opnar blæra seg, og byttedyret vert sugd inn i planta der det vert middag.

Den vanlegaste jaktteknikken for kjøtetande planter er nok likevel “flugepapir”-strategien, der planta produserar klister som heldt insektet fast når det landar på blada. I Noreg kjenner me dette frå soldogg (Drosera spp) og tettegras (Pinguicula vulgaris), og det er nettopp soldoggen som er hovudfokus for denne artikkelen.

Det er kjend over 190 artar soldogg frå heile verda, med det største artsmangfaldet i Australia. I Europa førekjem tre artar, som alle òg finnest i Noreg – rundsoldogg Drosera rotundifolia, dikesoldogg D. intermedia og smalsoldogg D. anglica. Ein kan lett kjenna slekta att på at blada er utstyrt med lange tentaklar, som ytst bèr ei klissete doggdrope. Når eit insekt kjem i kontakt med denne doggdropa set det seg fast, og bladet krøllar seg saman rundt byttet. Slik kjem det stakkars insektet i kontakt med fleire tentaklar, og klistrar seg endå meir fast.

Smalsoldogg som har fanga ei stakkars fluge.

Økologisk teori tilseier at når to nært skylde artar lever i lag treng dei å vera ulike i levesett for at ikkje den eine arten skal utkonkurrera den andre. Ein kan difor tenkje seg at kjøtetande planter vil prøva å utnytta ulike slags byttedyr når dei veks i lag; og ved første augnekast kan det sjå slik ut: Thum (1986) studerte rundsoldogg og dikesoldogg på ei myr i Tyskland og fann tydelege skilnadar på kva insektgrupper som vart fanga på blada deira. Den lågtliggande rundsoldoggen var til dømes særs glad i spretthaler medan den erekte dikesoldoggen føretrakk flygande insekt, særleg mygg. Når desse dataene blei analysert på nytt av Ellison & Gotelli (2009) kom det derimot fram at det var MEIR overlapp mellom artane sine fødeval enn forventa! Det same såg ut til å vera tilfelle for fleire andre sameksisterande kjøtetande planter.

Til å vera så usympatiske, er soldogg veldig vakre skapningar.

Det finnest derimot tilfelle der konkurranse om føde har vorte eintydig påvist hjå soldogg: Thum (1989) observerte ved fleire høve at maur av artane Formica picea, Leptothorax acervorum og Myrmica scabrinodis rutinemessig plyndra bytte frå soldoggblad, og ville finna ut kor viktig dette var. Han tok difor med seg ei stor krukke med bananfluger og klistra dei på soldoggblad i myra si, og talte kor mange av flugene som framleis var i blada dagen etter. Heile 71% av flugene på rundsoldoggen blei stolne i løpet av dei første 24 timane; noko som passa godt med observasjonane hans av maur på raid. Nokre spissfindige utrekningar seinare konkluderte han med at maur i myra stal seks gongar sin eigen vekt frå dei forsvarslause soldoggplantene i løpet av ein sesong! Det ser med andre ord ikkje ut til at maurskulen har Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen på pensum – stolen mat er ei særs viktig matkjelde for myrlevande maur.

Referansar
– Ellison, A.M. & Gotelli, N. J. 2009. Energetics and the evolution of carnivorous plants – Darwin’s ‘most wonderful plants in the world’. Journal of Experimental Botany 60, 19-42
– Thum, M. 1986. Segregation of habitat and prey in two sympatric carnivorous plant species, Drosera rotundifolia and Drosera intermedia. Oecologia (Berlin) 70, 601-605
– Thum, M. 1989. The significance of opportunistic predators for the sympatric carnivorous plant species Drosera intermedia andDrosera rotundifolia. Oecologia (Berlin) 81, 397-400

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s