Dei åttebeinte michelin-mennene i augo dine

Elektronmikroskopi-bilete av ein ikkje identifisert Demodex-art

Det finnest to ulike artar midd som berre finnest i augevippene til menneske. Dei heiter Demodex folliculorum og Demodex brevis og er rundt 0.3 mm lange sylinderforma skapningar som stort sett heldt seg i ro utan å gjera verken noko særleg nytte eller skade. Mest sannsynleg har mange av lesarane mine slike midd i sine augevipper utan å vite om det.

Dei to artane er særs like, men dei små skilnadane som finnest ser ut til å vera relativt konstante. Demodex folliculorum er den vanlegaste av dei to, og lever i hårsekken og livnærar seg av talg og daude hudceller. Den noko kortare Demodex brevis har eit liknande kosthald, men lever i talgkjertlene.

Demodex canis, teke med lysmikroskop.

Mesteparten av tida sit Demodex-ane stille i gøymeplassen sin og et på det dei finn der. Det hender derimot at dei forlet augevippa for å gå omkring på huda for å beite eller sjå etter artsfrendar å para seg med. Dette skjer som oftast om natta, og ikkje så veldig ofte. Dei store kroppane og korte beina til Demodex gjer det vanskeleg å forflytta seg vidare fort, og marsjfarten deira ligg ikkje på meir enn ein centimeter eller så i timen. Om eit menneske skulle bevega seg like fort i høve til kroppsstorleiken ville det teke han eller ho to timar å gå ein kilometer…

Demodexartane som lever på menneske gjer som sagt ikkje nokon skade, men på nokre andre dyr finnest det nært skylde artar som kan overføra visse bakterielle sjukdommar eller føra til utslett. Den mest kjende av desse er Demodex canis, som lever på hundar, men det finnest ulike Demodex-artar i tilknytnad til hårsekkar og talgkjertler hjå eit særs vidt spekter av ulike pattedyr, inkludert både pungdyr, gnagarar, primatar, rovpattedyr og klauvdyr.

Demodex er interessante dyr i og med at dei er så spesialiserte som dei er i habitat- og fødeval. Framleis er det særs mykje som ikkje er kjend om levesettet eller evolusjonshistoria deira. Sidan dei både er særs treige dyr kan ein gå ut frå at dei har vanskeleg for å spreie seg frå ein vert til ein annan, kanskje særleg mellom artane. Når ein då ser på kor mange ulike pattedyrartar dei førekjem er det sannsynleg at desse talgmidda har vore med på lasset over store delar av pattedyra sin evolusjonshistorie. Dersom den felles stamarten til menneske-Demodex og pungmus-Demodex sat på den felles stamfaren til menneske og pungmus, har me pattedyr hatt følge av små åttebeinte michelin-menn i meir enn 160 millionar år!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s