Om fotografar og samlarar

Entomologiske foreiningar rundt omkring har registrert ei merkbar auke i interessa for insekt det siste tiåret. Dette er ikkje fordi insekt har vorte noko vakrare eller meir spanande i dette tidsrommet, men heller fordi teknologiske nyvinningar har gjort det enklare for legfolk å ta del i det vakre og det spanande. Høgkvalitetsfotoutstyr har vorte tilgjengeleg for heile folket, og hordar av entusiastar med makrolinse har introdusert fleire nye generasjonar for kompleksiteten og rikdommen småkrypa har å by på.

Dette har derimot ført til ein konflikt innad i miljøet. Dei tradisjonelle insekt-entusiastane har ein veldig annleis tilnærming til å oppleva insekta; me observerar daude, preparerte eksemplar i ro og mak under mikroskop eller stereolupe. Denne praksisen er det ikkje alle dei “nye” som er så begeistra for – er det riktig å ta livet av så mange individ som ein hobby? Filosofien om å “ikkje ta anna enn bilete, ikkje etterlat anna enn fotspor” har av forståelege grunnar breidd om seg, og spreidd seg langt inn i vitskapen sine eigne rekker.

Å basera seg på fotografi og observasjonsdata har vore vanleg innanfor ornitologien i over ein generasjon no; til dels med særs gode grunnar. Fuglar er veldig godt studert, og musea rundt i verda er fulle av belegg som har avdekka gode feltkarakterar for så godt som alle artane. I nokre delar av verda er det same er på veg til å bli tilfelle for sommarfuglar og møll. Dette er ei gledeleg utvikling så lenge det ligg evidensbaserte feltkarakterar til grunn. Eg har høyrd at det i gamle dagar hendte at ivrige fugleforskarar tok livet av dei siste kjende eksemplara av artar berre for å dokumentera at dei hadde sett dei! Sidan delar av poenget med å studera naturen er å ta vare på han, er det nok brei semje om at dette er ei positiv utvikling.

Kipunji-teikning frå wikimedia commons

Kipunji-teikning frå wikimedia commons

Utviklinga kan nok likevel gå for langt. I 2005 raste debatten i taksonomiske miljø over beskrivinga av kipunja-apen, Rungwecebus kipunji. Originalbeskrivinga var basert på to fotograferte eksemplar, og namnet var foreslått utan noko fysisk belegg! Dette er i utgongspunktet ikkje tillete i zoologisk nomenklatur – for å gje namnsetjing nokre “objektive” køyrereglar må alle namn vera knytt til eit preservert eksemplar av arten i eit museum. Dette gjer det mogleg for forskarar å gå tilbake til originalmaterialet i ettertid og etterprøva namnet; noko som er naudsynt sidan alle vitskaplege namn er hypotesar som i teorien kan tilbakevisast. I tilfellet Rungwecebus kipunji fekk forskarane tilgong på eit daudt eksemplar året etter at dei først beskreiv arten, så denne artshypotesa vil kunne undersøkast i framtida av uavhengige forskarar (Davenport et al. 2006).

For mykje av det som finnest av observasjons- og foto-data vil derimot dette ikkje vera mogleg. Mange insekt-artar let seg ikkje identifisera ut frå bilete aleine uansett kor gode bileta er; fordi karakterane som skil artane enten er skjult på innsida av dyra eller er for små til å visast på fotografi. I andre tilfelle finnest det observerbare skilnadar på artane, men måten dyra vert preservert på i samlingar gjer at desse ikkje kan koplast til eksisterande artshypotesar. Eit døme her er gruppa eg studerar, sommarfuglmygg (Diptera: Psychodidae). Her har artane artsspesifikke vengemønster, men sidan desse stort sett blir øydelagt i det dyret vert samla inn veit ein lite om kva for mønster som høyrer til kvar art.

Sommarfuglmyggen Pneumia mutua let seg kjenne att på ein erekt kvit hårtust mellom antennefesta, dei gråstripa vengene og ikkje minst den forsterka kurva linja nedst i venga. Berre den siste av desse karakterane var kjend for arten før eg tok dette biletet.

Sommarfuglmyggen Pneumia mutua let seg kjenne att på ein erekt kvit hårtust mellom antennefesta, dei gråstripa vengene og ikkje minst den forsterka kurva linja nedst i venga. Berre den siste av desse karakterane var kjend for arten før eg tok dette biletet.

Løysinga på dette er å kombinera dei to tilnærmingsmåtane, i det minste for ein overgongsperiode. Når eg er ute og samlar for tida hender det at eg forsøkar å først ta eit godt makrofotografi av dyret før eg har det i innsamlingsglaset sitt. Dette er lettare sagt enn gjort, då eg berre unnataksvis får til begge delar, men det gjer det berre kjekkare når eg får det til. Eg har i tillegg klart å konvertera nokre få tidlegare reine fotonaturalistar, som i nokre tilfelle har sendt meg eksemplar og såleis fått assosiert mønster med andre artskarakterar. Slik går altså kunnskapen om desse organismane framover, sakte men sikkert.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s