Høgrebølge i krabbeland

Uca perplexa, frå Australia

Uca perplexa, frå Australia

Vinkekrabbar (Ocypodidae: Uca) er ei gruppe strandlevande krabbar som finnest i alle dei tre største verdshava. Dei rundt 100 artane lever i halvakvatiske habitat og er best kjend for dei tydeleg asymmetriske klørne hannane har — den eine kloa er kraftig forstørra i høve til den andre gjennom seksuell seleksjon. Desse klørne vert brukt i rituell kamp mellom hannar, og i paringsdans. Det er rørslene i paringsdansen og den rituelle kampen som har gjeve dei det norske namnet vinkekrabbar.

 

Asymmetri er spanande greier, fordi dei avvik frå det generelle mønsteret. Det ser ut til at symmetri er noko som lønar seg, evolusjonært sett – alle organismar av ein viss storleik som aktivt beveger seg er grunnleggande symmetriske. Dei aller fleste dyr er symmetriske langs kropps-aksa, det vil seie at høgre og venstre side ser ut som spegelbilete av kvarandre. Det finnest òg dyr med annleis symmetriplan; manetar og andre nesledyr har to symmetri-aksar og kan delast i fire like delar, medan pigghudingar som sjøstjerner og kråkeboller kan delast i fem. Likevel er det altså flust med unntak; organsystem som ser asymmetriske ut langs høgre-venstre-aksa.

Vinkekrabbane ser ut til å ha evolvert asymmetri for å kunne utføra to ulike oppgåver så effektivt som mogleg – kvar klo er spesialisert til sin funksjon. Den store vinkekloa tener til å imponera hoer og skremme vekk konkurrerande hannar, medan den vesle kloa er meir praktisk til å ta til seg føde. Begge delar er viktige funksjonar, og det er difor fordelaktig for krabben med asymmetriske klør (Rosenberg 2000).

Når asymmetri oppstår som ei evolusjonær tilpassing kan ein snakka om to generelle mønster. Antisymmetri er når asymmetrien kan gå begge vegar; at det ikkje er så nøye for organismen om det er høgre eller venstre side som har overtaket. Den andre forma for asymmetri er retningsasymmetri, der enten høgre eller venstre side har ein evolusjonær fordel og utkonkurrerar den andre. Evolusjonært ser det ut til at asymmetri normalt begynner som antisymmetri, og i nokre høve går over til retningsasymmetri.

 

Hjå Uca deichmanni finnest det både høgre- og venstrehendte individ.

Begge former for asymmetri finnest hjå vinkekrabbane. Dei fleste artane ser ut til å ha ei nokonlunde jamn fordeling mellom “venstrehendte” og “høgrehendte” individ; og i det viktigaste bestemmingsverket for gruppa står det å lesa at “store klør opptrer om lag like ofte på venstre som på høgre side” (Crane 1975, sitert i Jones & George 1982). Dette gjeld for dei aller fleste av dei kjende vinkekrabbe-artane, men det finnest òg ei delgruppe kor dei høgreorienterte har teke heilt over. Hjå underslekta Gelasimus (tidlegare kjend som Thalassuca), som særleg finnest i det Indiske hav og Stillehavet, er så mange som 96-100% av hannane høgrehendte, mot 40-60% hjå andre underslekter (Jones & George 1982).

Kvifor akkurat Gelasimus er retningsasymmetrisk er ikkje godt å seie, sidan antisymmetri ser ut til å fungera greit for dei fleste andre vinkekrabbar. Det vi veit er derimot at det er særs ugunstig å vera venstrehendt innanfor Gelasimus — dei venstrehendte individa som finnest har vorte studert, og ser ikkje ut til å leva særleg hyggelege liv.

Hjå arten Uca (Gelasimus) vomeris bur kvart individ i si private hole som ligg under vatn når det er flo. Ved fjære tek dei til seg føde og møter andre krabbar for å anten para seg eller slest – det som på godt Osterøymål heiter bygdefest. Som andre Gelasimus-artar er vomeris særs høgreorientert; det er berre opp til 4% av hannane som har ei forstørra venstreklo, normalt endå færre. Eit forsøk som blei gjort av Backwell et al. (2007) viste at det finnest gode grunnar til dette – høgreorienterte hannar er dyktigare til å halda på ei hole, er meir aggressive når dei slest om å erobra nye holer, og parar seg med over dobbelt så mange hoer som dei venstreorienterte. Kvifor det er slik er ikkje godt å seie, for det blei ikkje påvist nokon skilnad i storleik eller klo-funksjon mellom dei to gruppene.

Uca arcuata, ein antisymmetrisk art frå Stillehavet.

Forsking på antisymmetri og retningsasymmetri har til no fokusert på det ontogenetiske og fylogenetiske grunnlaget, det vil seie mekanismar for korleis det oppstår i einskildorganismen eller i ei evolusjonær gruppe. Dei bakenforliggande evolusjonære forklaringane – kvifor dei ulike formene for asymmetri gjev fordelar til individa – er framleis særs dårleg forstått. Som så ofte før må difor konklusjonen bli at ein treng å forska meir.
Heldigvis er det akkurat eg har tenkt å gjera. Riktignok på asymmetriske hann-kjønnsorgan hjå insekt heller enn krabbeklør, men det er dei same grunnleggande problema som treng forklaringar.

Referansar:
– Backwell, P. R. Y., Matsumasa, M., Double, M., Roberts, A., Murai, M., Keogh, J. S. & Jennions, M.D. (2007) What are the consequences of being left-clawed in a predominantly right-clawed fiddler crab? Proceedings of the Royal Society B: Biological Sciences, 274, 2723-2729.
– Jones, D.S & George, R.W. (1982). Handedness in Fiddler Crabs as an Aid in Taxonomic Grouping of the Genus Uca (Decapoda, Ocypodidae). Crustaceana 43, 100-102
– Rosenberg, M.S. (2000) The comparative claw morphology, phylogeny, and behaviour of fiddler crabs (genus Uca). PhD thesis. State University of New York, Stony Brook. 182 ss.

Bilete frå http://commons.wikimedia.org/wiki/Category:Uca

BONUSMATERIALE:
Klovise for svoltne vinkekrabbar (melodi: Det blir ikke hull i en tann som er ren)

Det er ikkje mat på ei strand som er rein
og matpartiklar plukkar vi opp ein etter ein
men det gjer vi ikkje med kloa som slest
Nei, ei klo for Uca er best

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s