Klippe klippe, sa grevlingen

Image

Klippegrevlingar (Hyracoidea) er ei gruppe små lodne pattedyr som hovudsakleg finnest i Afrika. Dei er i regelen rundt ein halv meter lange og veg opp til fire kilo, og finnest i dei fleste habitattypar på kontinentet. Sjølv om dei har grevling i namnet sitt og ser litt ut som gnagarar har dei lite å gjera med desse dyra; DNA-studium viser at dei næraste slektningane deira er elefantar og sjøkyr. Dette slektskapet er det òg belegg for i muskel-, skjelett- og tannanatomi, og i fossilfunn.

Klippegrevlingane sin karakteristiske ryggkjertel er synleg på dyret i forgrunnen som ein lysare flekk i pelsen.

Klippegrevlingane sin karakteristiske ryggkjertel er synleg på dyret i forgrunnen som ein lysare flekk i pelsen.

Dei nolevande klippegrevlingane delast normalt inn i fire artar, kvar med mange underartar (Wilson et al. 2005). Artane skil seg frå kvarandre særleg i habitatval; den sikraste måten å sjå skilnad på dei er ved studium av tannanatomien. Hannen sine genitalia er òg særs ulike. Den mest kjende og vidast utbreidde er kappklippegrevlingen Procavia capensis, som finnest i opne landskap over heile Afrika samt i Midtausten. Nesten like utbreidd er Heterohyrax brucei, som òg lever i same habitattypar. Dei dårlegast kjende klippegrevlingane er dei trelevande artane i slekta Dendrohyrax, ei gruppe der det framleis er usikkert kor mange artar ein skal rekna med.

Klippegrevlingane lever i familiegrupper med sosial organisering ikkje så ulik den løver har. Kvar gruppe består typisk av ein dominant hann og mellom tre og sju hoer. Ofte lever mange familiegrupper tett på kvarandre, men det er alltid tydelege revir som vert haldne i hevd av sterkt territorielle hannar. Begge kjønn har spesielle kjertlar øvst i krysset (korsryggen) som skil ut karakteristiske duftstoff. I tillegg til at desse stoffa markerar revir blir dei brukt av klippegrevlingane sjølv til å kjenne forskjell på ulike individ i gruppa. Hannane lagar òg eit territorielt lydsignal; eit særeige rop som er ulikt frå art til art. Særleg den vestlege treklippegrevlingen Dendrohyrax dorsalis, som lever i Sentralafrika aust til Albertine-riftdalen, har eit høglydt og forstyrrande skrik som ikkje vert mindre nifst av at dei er nattaktive og først tek til å ropa når det blir mørkt (http://macaulaylibrary.org/audio/136295/autoplay). Det er kanskje ikkje så rart at trua på vonde åndar er så utbreidd i tropisk Afrika?

Image

Vestleg treklippegrevling, Dendrohyrax dorsalis

Alle klippegrevlingar er gode til å klatra, og dei har fleire tilpassingar i anatomien sin til denne måten å bevega seg. Føtene er utstyrt med gummi-aktige puter med ekstra mange svettekjertlar, som gjev betre kontakt med underlaget. Delar av fotputene kan òg trekkast inn i foten, noko som skapar ein slags sugekoppeffekt. Likevel brukar klippegrevlingar mesteparten av tida si i umiddelbar tilknytnad til hia sine, som ofte er i naturlege fjellsprekkar eller hole tre. Dei har fleire tilpassingar til dette habitatet òg; i tillegg til at kommunikasjonen hovudsakleg er lyd- og luktbasert er kroppane deira rikeleg utstyrt med følehår.

Fotputene til kappklippegrevlingen Procavia capensis

Fotputene til kappklippegrevlingen Procavia capensis

Det finnest fleire grunnar til at klippegrevlingane er så tett knytt hia sine. Ein av dei mest openbare grunnane er at hia gjev ly for rovdyr; då eit vidt spekter av predatorar. Den afrikanske klippeørnen Aquila verreauxi lever nesten utelukkande av klippegrevlingar, men delar matfatet med m.a. leopardar, karakalar, villhundar og fleire slangeartar. Ein annan grunn har med den stabile temperaturen å gjera – i høve til mange andre pattedyr har klippegrevlingane særs dårleg varmeregulering. Ei studie i Israel viste at eit klippegrevlinghi aldri blei kaldare enn 16° eller varmare enn 19° C, og at dyra aldri forlet hiet sitt ved temperaturar på under ca 10° (Olds & Shoshani 1982). I tillegg til å vera mykje i hiet gjennom kalde periodar brukar klippegrevlingar òg mykje tid på solbading.

Heterohyrax brucei, som godt kan heite gulflekklippegrevling på norsk. Denne arten utmerker seg med å ha ein særleg lang og kompleks penis med ein særeigen skålforma glans; diverre fann eg ikkje bilete av denne på internett.

Heterohyrax brucei, som godt kan heite gulflekklippegrevling på norsk. Denne arten utmerker seg med å ha ein særleg lang og kompleks penis med ein særeigen skålforma glans; diverre fann eg ikkje bilete av denne på internett.

Til å vera såpass lite kjende som dei er har klippegrevlingen ein overraskande stor plass i vestleg kulturhistorie. Bibelen nevnar dei tre ulike stadar; i 3. mosebok, salmane og Salomos ordtøke. I tillegg har det fønikiske namnet deira shaphan gjeve namn til landet Spania: Då fønikiske sjømenn oppdaga den iberiske halvøya for første gong gav dei landet namnet Ishaphan, “klippegrevling-øya”. Romarane skreiv dette som Hispania, som seinare altså blei til Spania. Eit verdsspråk og ein ledande europeisk stormakt har altså fått namn etter ein zoologisk feilbestemming – dyra fønikarane såg i Spania var etter alt å dømma kaninar (Hoeck 2009).

Referansar

– Hoeck, H.N. 2009. Hyraxes. Pp. 86-89 in MacDonald, D.W. (red.) The Encyclopedia of Mammals. Oxford University Press, 936 pp.
– Olds, N. & Shoshani, J. 1982. Procavia capensis. Mammalian Species 171, 1-7
– Wilson, D.E & Reeder, D.M. (red.). 2005. Mammal Species of the World. A Taxonomic and Geographic Reference (3rd ed), Johns Hopkins University Press, 2,142 pp. (Tilgjengeleg frå http://www.press.jhu.edu).
Fotos frå commons.wikimedia.org/wiki/Category:Hyracoidea

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s